Lesja kommune
Lesja kommune er ei fjellbygd i Oppland fylke på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.
Lesja kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0512 |
Fylke | Oppland |
Kommunesenter | Lesja |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1837 |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Liste over ordførarar |
Om kommunen
Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.
Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, Bø og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: 1987-2008: Bygdebok for Lesja
- Kleiven, Ivar 1923: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Lesja og Dovre
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst
- Skotte, Ola og Einbu, Sigurd 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna
- Årsskrift for Lesja historielag
- Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog