Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Innlandet • Oslo • Vestfold og Telemark • Viken
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: Jevnaker • Lunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, Bø og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Nordmannssetre
Foto: Arnfinn Kjelland (2020)

Nordmannssetre er ei setergrend som ligg på sørsida av hovuddalen, noko sønnafor Lesjaverk stasjon. Det går fleire skogsvegar på bortsida, både frå Nordmo og Lesjaverk. Køyrevegen vart opprusta i 1954, og brua flytt 150 m nordover. Den gamle setervegen gjekk etter den gamle riksvegen til Valtuva, og tok ned der. Da Raumabanen vart bygd, gjekk han ned ved undergangen nordafor Sandan. Det gjekk elles ein veg eller stig på bortsida, Movegen. Han gjekk heilt frå Lordalsvegen til Rånå.

Det har vore fire setrar på Nordmannssetre. Etter setervegen slik han går i dag, kjem ein fyrst til selet til Bjørklund nedst på kvea. Rett oppafor selet ligg ein svært gammal, stor låve.   Les mer …

Nedgangen til sjakta ved Skinnargruva.

Skinnargruva ligg i Gruvlie (sjå kart der) og var ei av jerngruvene til Lesja jernverk Ho ligg øvst av gruvene i sjølve lia (når vi ser bort frå Fjellgruvene), på høgd med Langstudulgruva og ca 400 m aust for Gruvlisetre. Namnet på denne gruva er litt uskjønleg, for dei kjende tydingane av skinnar ser ikkje ut til å ha noko med gruvedrift å gjere.

Skinnargruva består av ei 20-25 meter lang dagstrosse som går over i ei skråsjakt i austenden. Strossa er knapt 2 meter brei på det smalaste, og ca 3 meter der sjakta går ned. Sjølve sjakta er 1,3-2 meter høg, og sommars tid er det tørt ca. 10 meter innover. Nedafor er sjakta fylt av vatn.

I dagstrossa er det fleire merker etter boring. Slike merke tyder på at det har vore nytta krutspregning for å bryte ut berget. Arbeidarane laut bore hol for hand til krutladinga, og merke etter slik boring kan i visse tilfelle nyttast til datering. Borhola ein kan sjå ved Skinnargruva har skjær som er typiske for 1700-talet, men storleik tilsvarande det som var vanleg på 1800-talet. Etter som drifta ved jernverket sannsynlegvis var slutt før 1800, kan det derfor ha vore nytta ein lokal type bor med mindre diameter enn det som er kjend frå andre gruver. Det skal likevel ha vore ei prøvedrift i nokre av gruvene i 1907, og merka kan vere frå den.   Les mer …

Magda og Christian Bøbak.
Foto: Christian Bøbak
Christian Bøbak (fødd 2. januar 1891 på Bøbakken i Bøgrende i Lesja, død 29. desember 1955 i Bergen) var ein landskjent fotograf. «Mange har regnet Bøbak som en av landets, kanskje Skandinavias fremste portrettfotografer» står det i omtalen av han på Nasjonalbibliotekets oversyn over fotografar i Noreg. Fotohistorikaren Roger Erlandsen lister Bøbak som nr. 2 blant 8 sentrale norske portrettfotografar i det han kallar «portrettets gullalder» (tida kring første verdskrigen). Kristian Hosar har referert den mangeårige formannen i Norges Fotografforbund, H. Johnsrud: «Hans portretter, representerer i utpreget grad fotografiets absolutte virkelighet. Han viser for oss mennesket, uretusjert og i all sin opprinnelighet, uten forloren pynt.» Bøbak arbeidde lengst i Bergen.   Les mer …

Gjetarane i Trio var med på bygginga av Grønbue inne i Reinheimen.
Foto: Arnfinn Kjelland
Trio Tamreinlag A/L var eit andelslag stifta i 1954 med føremål tamreindrift i delar av fjellområda Tafjordfjella, Reinheimen og fjellområde sør for Ottadalen, i kommunane Skjåk, Lesja og Grytten. Laget kom til som ein konsekvens av at to andre tamreinlag i regionen, Lesja tamreinlag og Skjåk tamreinlag vart avvikla. Reinen i desse laga utgjorde utgangspunktet for flokken til Trio, 1843 dyr ved etableringa. I 1959 kjøpte laget inn svensk skogsrein. Det året hadde det om lag 2500 dyr og 4700 andelar fordelt på 1251 eigarar. Den samla andelskapitalen var kr. 440.000 og beiteområdet var ca. 2500 km2 i dei tre kommunane.   Les mer …

Mathias P. Lien
Foto: sjølvportrett

Mathias P. Lien (fødd 24. april 1872 i Sy Lie på Lesjaskogen, død 26. august 1899) i Minneapolis, Minnesota) var fotograf.

Han starta som bygdefotograf på Lesjaskogen tidleg, kanskje rett etter han var konfirmert, for det er funne eit foto etter han som må vere teke kring 1885-86. Før han byrja i fotograflære gjekk Mathias Lien i snikkarlære i fire år. Han gjekk så i lære hos fotograf Lars Nilsen Sødahl på Veblungsnes i to år før han starta for seg sjølv. I 1897 emigrerte han til Nord-Amerika og etablerte seg som fotograf i Minnesota, men der døydde han berre to år seinare av blodforgifting etter å ha skore seg under barbering.   Les mer …

Sjølvportrett i Lesja kyrkje
Foto: Tor Nørstegård

Ragnvald Einbu (fødd 10. januar 1870 på Nordi Lie på Lesjaskogen, død 4. juli 1943 i heimen sin, Skogly under Sili på Lesja) var treskjerar og målar. Einbu er mellom anna kjent for å ha dekorert kyrkjeinteriør fleire stader i Noreg og for ei lang rad dekorasjonsoppgåver i offentlege bygg og private heimar. Han var ein yngre bror av astronomen Sigurd Einbu.

Foreldra Marit Syversdtr. og Peder Johanness. flytta til farsgarden Ni Einbu i 1875 og til Sili i 1890. I 1887 reiste Ragnvald til Trondheim og begynte i lære hos målarmeister Peter Theodor Holst Grubbe, der han var i tre år og fekk grunnleggjande opplæring i farge- og målingslære og målingsteknikkar. Nokre år seinare begynte han med treskjering, og i 1895 sendte han fleire figurar til Husflidsforeningen i Kristiania. Desse vakte åtgaum, og året etter fekk Einbu friplass ved Statens håndverks- og kunstindustriskole.

Einbu begynte truleg å skjere ut og dekorere skap og måle bilete på oppdrag kort tid etter han fullførte skuleåret i Kristiania. Nokre år etter 1900 fekk han truleg sitt første oppdrag med å dekorere kyrkjeinteriør, i Lesja kyrkje. Etter kvart kom han i kontakt med Anders Sandvig på Maihaugen, og han arbeidde i alle fall med dekorasjonane i samband med restaureringa av Isumkapellet frå Sør-Fron   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar