Hans Holmboe (1769–1821)
Hans Holmboe (1769-1821) var prest.
Han var fødd i Kristiania i 1769 som son av kjøpmannen Hans Frederik Holmboe og Maren Carlsen. Hans Holmboe tok teologisk embetseksamen i 1796, og han vart same året personleg kapellan hos den komande svigerfar sin i Skedsmo, Nils Høegh. Ved folketeljinga 1801 er han skildra som Capellan pro persona. Hans Holmboe gifta seg i 1803 med Elen Christine Høegh (1774-1831). Saman fekk dei fem born, ein av dei var Jens Carlsen Holmboe, som seinare vart inspeksjonsoffiser på Blaker skanse. I 1804 vart han residerande kapellan i Tingvoll, eit embete han hadde fram til 1815. Frå 1815 og fram til han døydde i 1821 var han sokneprest i Beitstad i Nord-Trøndelag.
Våren 1814 var Hans Holmboe valmann for Tingvoll prestegjeld.
Kjelder
- Erlandsen, Andreas: "Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift", 266-267.
- Holmboe, F.V. Slekten Holmboe: stamtavle 1944 med biografiske opplysninger, fotografier og familiedokumenter. Oslo: Cammermeyers boghandel, 1944. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., "Adresser og Fuldmagter", Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 329.
- Hans Holmboe i folketeljinga 1801 for Skedsmo prestegjeld frå Digitalarkivet.