Jondal kommune
Jondal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1227 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Jondal |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1846 |
Sammenslåing(er) | 1965: Kysnes overførd frå Strandebarm |
Fradeling(er) | 1965: Tørvikbygd overførd til Kvam. |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Jondal kommune ligg i Hordaland, og grensar til Ullensvang, Kvinnherad og Kvam. Administrasjonssenteret er bygda Jondal. Det er ingen tettstader i kommunen.
Jondal vart eigen kommune i 1862, då bygda vart skild ut frå Strandebarm. Ved ei kommuneregulering i 1965 vart krinsen Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samstundes som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Den siste grensereguleringa kom i 2013, då området på nordsida av Maurangerfjorden sin munning (Gausvik-Årsand-Hessvik) gjekk frå Kvinnherad til Jondal. I 2016 vedtok kommunestyret med ni mot åtte røyster at Jondal skal slås saman med nabokommunane Ullensvang og Odda til nye Ullensvang kommune.
Jondal er ein jordbrukskommune. Dyrehald er viktig, særleg sau og storfe. Det er óg ein del frukt- og bærdyrking. Langs Hardangerfjorden drivast fiskeoppdrett, og ein finn fiskeforedlingsindustri knytta til oppdretten. Det er lange tradisjonar for båtbygging i kommunen.
Kjelder og litteratur
Galleri
- Utsikt frå Torsnes i Jondal mot Strandebarm på vestsida av Hardangerfjorden.Foto: Elin Galtung Lihaug