Odda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Odda kommune

Odda kommune
1228 Odda komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1228
Fylke Hordaland
Kommunesenter Odda
Grunnlagt 1913
Opphørte 2020
No del av Ullensvang herad

Odda kommune låg i Hordaland, og grensa til Ullensvang i nord, Vinje i aust, Suldal og Sauda i sør og Etne og Kvinnherad i vest. Kommunen vart oppretta i 1913, då Ullensvang vart delt i to. I 1964 var Røldal kommune innlemma i Odda. I 2016, i samband med Solberg-regjeringa sin kommunereform, vedtok kommunestyra i Odda, Ullensvang og Jondal å skipe ein ny kommune med namnet Ullensvang.

I Odda kommune var det tre tettstader: Administrasjonssenteret Odda, Skare og Tyssedal. Ein del av Hardangervidda nasjonalpark låg i Odda kommune.

Odda var ein industrikommune, med særlig vekt på jern- og metallindustri. Turisme var óg ein viktig næringsveg. Med meir enn 20% av kraftproduksjonen i Hordaland, var Odda ein viktig kraftkommune.

Kjelder og litteratur