Sandal krins (Jølster)
Sandal krins (Jølster) er ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.Undervisning i Sandal høyrer man først om i protokollane frå 1835. På dette tidspunktet var ikkje Sandal ein eigen krins, men del av den gamle rodeordninga. Sandal tilhøryrde rode 1., og omfatta gardane: Sandal, Tohaug, Årnes, Strand, Hammar og Kjelsnes. Det var heller ikkje eit eiget skulehus, så undervisninga blei halde i private husstandar som ein del av omgangsskulen.
Det er fyrst etter 1860 at Sandal trulig blei ein eigen krins. Dette var ein to-delt skule: småskule og storskule. I perioden 1878 – 1914 var det i gjennomsnitt 24 elevar kvart år. Mens i perioden 1938-1964 var det i gjennomsnitt 20 elevar i året. Fram mot 1964 var det kontinuerlig nedgang i elevtalet.
I 1947 blei Myklebust krins slått saman med Sandal.
Sandal krins blei nedlagt og slått saman med den nye sentralskulen på Vassenden i 1968. Dette var i samband med ein omfattande krinsreguleringa, som hadde blitt vedteke i 1960. Krinsane: Eikås, Gjesdal, Ålhus og Sandal skulle samlast til ein skule på Vassenden.
Skulehus
I Sandal blei det fyrste skulehuset bygt på byrja av 1890-talet. Eit nytt skulehus blei bygt i 1940. Det gamle skulehuset blei flytta til Kjøsnesfjorden krins
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Møkelbust | O.J | Sandal | 1836 | 1840? | |||
Christensen | Ole | Sandal | 1855 | 1858? | |||
Olsen | Daniel | Sandal | 1859 | 1860? | |||
Ellasson Fond | Anton | 1866 | Sandal | 1894 | 1916 | Stord 1887 | Fond fortsatte som lærar i Myklebust |
Hamar | Andreas | 1892 | Sandal | 1916 | 1920 | Volda 1914 | |
Eikås | Kristian | 1899 | Sandal | 1921 | 1945 | Volda 1921 | |
Aasen | Kåre | 1920 | Sandal | 1946 | 1961 | Volda 1942 | |
Klakegg | Hidvald | Sandal | 1961 | 1962 | |||
Helgheim | Svein? | Sandal | 1962 | 1963 | |||
Lefdal | Ole | Sandal | 1963 | 1964 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Dagbok for Sandal og Myklebust 1894-1904
- Dagbok for Myklebust og Sandal 1906-1947
- Dagbok for Sandal 1938-1964
- Karakterprotokoll for Gjesdal, Myklebust og Sandal 1833-1860
- Karakterprotokoll for Sandal og Myklebust 1878-1893
- Karakterprotokoll for Sandal og Myklebust 1894-1906
- Karakterprotokoll for Myklebust og Sandal 1907-1947
- Karakterprotokoll for Sandal 1917-1964