Eikås krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eikaas krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.

I 1897 blei Fluge lagt under Eikås krins. Dette førte til at skulen fekk ein kraftig auking av elevtalet. Tidligare hadde det vore i underkant av 40 elever i både småskulen og storskulen. Men etter samanslåinga med Fluge, så vart elevtalet økt til 25 - 35 i kvar avdeling.

Skuleprotokollane viser at det i 1901 blei oppretta en tredje avdeling i skulen. I årene 1901 til 1917 var det gjennomsnittlig 20 elevar i denne avdelinga.

I 1959/60 vart det avhalden krinsmøte i Eikås og røysta over krinsreguleringa. Jølster skulestyre, ved Ingolf Helgheim, føreslo å samla dei fire skulekrinsane: Ålhus, Eikås, Gjesdal og Sandal til «ein skulestad». Det vart bestemt at den nye skulen skulle vere på Vassenden. I 1968 blei Eikås skulekrins nedlagt og innlemma som ein del av Vassenden skule, som hadde blitt opningsklar det same året.


Skulehus

Når skulen blei oppretta er usikkert, men seinast i 1880.

På tidleg 1900-tal vart skulehuset også lånt ut til møtar i lokale organisasjonar (deribland ungdomslaget).[1]

I 1937 blei det vedtatt at det skulle byggas ein gymnastikksal ved skulen.

Skuledagen

I 1917 anmoda mållaget om at landsmål skulle nyttas som hovudmål i krinsen. Landsmålet vart innført året etter.[1]

Gutane i krinsen hadde sløyd i 4. klasse frå seinast 1925. Jentane hadde ikkje skule dei vekene gutane hadde sløyd fram til 1929, då handarbeid vart innført som skulefag for jenter. [1]

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Høiseth Andreas 1873 Eikås 1895 1899 Hamar Flytta til Tune i 1899
Rognebakke Johan 1872 Eikås 1899 1935 Volda 1898
Hjellbrekke Eirik 1889 Eikås 1918 1958 Volda 1913
Bjørkeli Lovisa Eikås 1930 1931 Var vikar for Rognebakke
Fluge Kristianne 1902 Eikås 1941 1947 Volda 1924
Huslid Maria Eikås 1947 1956 Lærarinne 1-2 klasse
Årdal Sigmund Eikås 1956 1968
Blakar Sunde Anne Eikås 1957 1960 Lærarinne 1-2 klasse
Sårheim Almveig Eikås 1960 1962 Lærarinne 1-2 klasse
Haugen Inga Eikås 1962 1964 Lærarinne 1-2 klasse
Pedersen Else-Marit Eikås 1964 1965 Lærarinne 1-2 klasse
Sandvik Judith Eikås 1965 1966 Lærarinne 1-2 klasse
Wendelbo Synneve 1908 Eikås 1966 1968 Lærarinne 1-2 klasse

Foto

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 Møtebok for tilsynsutvalet i Eikås skulekrins, 1916-1969

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Eikås skule og Fluge skule (Gjesdal skule), 1877-1898. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eikås skule og Fluge skule, 1897-1941. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eikås skulekrins 1892-1910. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eikås skulekrins 1917-1959. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eikås skulekrins 1941-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Eikås skulekrins 1957-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Møtebok for tilsynsutvalet i Eikås skulekrins 1916-1969. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eikås skule og Fluge skule 1863-1874. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eikås og Fluge skulekrins 1879-1897. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eikås skule og Fluge skule, 1898-1944. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Eikås skule 1945-1968. Digital versjon på Digitalarkivet.no.'

Koordinater: 61.46541° N 6.02978° Ø