Edøyskipet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edøyskipet er restane av eit skip frå vikingtida eller merovingertida som vart funne ved georadarundersøkingar i 2019 rett ved Edøy gamle kyrkje på Edøya i Smøla kommune på Nordmøre. Jordradarundersøkingane, som vart leia av Arve Nytun, viser ein gravhaug med ein diameter på 18 meter, og sentrert i haugen langs aksen NNE–SSW visest kjølpartiet av skipet med ei bevart lengd på 13 meter. Skipet kan ha vore opp til 16–17 meter frå stamn til stamn. Til samanlikning har tuneskipet ei bevart lengd på 15 m og ei rekonstruert lengd på kring 19 m.
Kjelder
- Bjørneset, Olaug: «Har funne over 1000 år gammalt skip», publ. på nrk.no 22.11.2019
- «Skipsfunn på Edøy» publ. på niku.no 11.2019
|