Ordførarar i Leikanger kommune
Dette er ei oversikt over ordførarar i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 1. januar 2020, då Leikanger vart innlemma i Sogndal kommune.
Større grenseendringar
Leikanger kommune (herred) bestod ved skipinga i 1837 av dåverande Leikanger prestegjeld, som var monaleg større enn den Leikanger kommune som i 2020 gjekk inn i Sogndal. Den største endringa skjedde då Balestrand kommune vart utskild i 1849. Seinare vart også bygdene på sørsida av Sognefjorden overførte frå Leikanger til Vik kommune, det vil seie Vangsnes, Feios og Fresvik. Dessutan gjekk Frønningen-godset til Lærdal kommune og Tingstad ålmenning til Sogndal.
Ordførarar i Leikanger 1837-1849
År | Namn | Yrke |
---|---|---|
1838-1839 | Christian Gahrup Meidell (1780-1863) | Oberstløytnant |
1840-1843 | Søren Lem | Godseigar |
1844-1847 | Herman Brun (1804-1865) | Kjøpmann |
1848-1849 | Harald Ulrik Sverdrup | Sokneprest |
Ordførarar i Leikanger 1849-1934
I 1849 vart soknene Fjærland, Tjugum og Vangsnes skilde ut frå Leikanger, og danna Balestrand kommune.
År | Namn | Yrke |
---|---|---|
1849-1851 | Herman Brun (1804-1865) | Kjøpmann |
1852-1853 | Hans Johannes Brun (1826-1886) | Handelsmann og hotellvert |
1854-1857 | Johan David Haslund (1812-1869) | Sokneprest |
1858-1868 | Sjur Sæterlid | Gardbrukar |
1868 | Hans Lem | Godseigar |
1868-1869 | Johan Herman Brun (1833-) | Handelsmann |
1870-1873 | Nils J. Njøs (1835-1909) | Gardbrukar |
1874-1881 | Lars M. Husabø (1839-1928) | Gardbrukar |
1882-1884 | Jakob Liv Rosted Sverdrup (1882-1884) | Sokneprest, stortingsmann og statsråd |
1885-1902 | Jakob Bøthun (1851-1931) | Lærar |
1902-1907 | Lars M. Husabø (1839-1928) | Gardbrukar |
1908-1916 | Nils Tjønn (1860-1920) | Lærar |
1917-1919 | Hans N Grinde (1870-1958) | Gardbrukar |
1920-1922 | Hans Flesche (1882-1926) | Bankkasserar |
1922 | Knut Jordal | Kjøpmann |
1923-1934 | Hans N Grinde (1870-1958) | Gardbrukar |
Ordførarar i Leikanger 1935-1991
I 1935 inntok partia lokalpolitikken i Leikanger. Kommunen heldt seg samla gjennom kommunalreformene på 60-talet, unnateke ei lita justering i 1963: Eitorn-grendi vart førd attende frå Balestrand til Leikanger, medan Tingstad ålmenning vart overførd til Sogndal.
År | Parti | Namn | Yrke | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1935-1951 | V | Olav Tveit (1885-1959) | Lærar og klokkar | − | 1942-1945 | B/NS | Hans Fosshagen (1898- 1958) | Gardbrukar |
1951-1957 | V | Per H Bøthun (1898-1962) | Lærar | |||||
1957-1961 | V | Hans Husabø (1900-) | Gardbrukar | |||||
1961-1963 | V | Leif Loen (1899-) | Lærar | |||||
1963-1975 | V | Arne Grepstad (1913-1975) | Skatterevisor | |||||
1975 | KrF | Olav Straume (1909-1983) | Fylkesarbeidssjef | |||||
1975-1977 | H | Lars Lefdal (1939-) | Vegsjef | |||||
1978-1979 | KrF | Kåre Næss (1919-2004) | Butikkmann | |||||
1979-1983 | H | Ola A Vestrheim (1925-) | Gardbrukar | |||||
1983-1987 | Ap | Erling Olsen (1941-) | Kontorfunksjonær | |||||
1987-1991 | H | Ola A Vestrheim (1925-) | Gardbrukar |
Ordførarar i Leikanger 1991-
Frå 1. januar 1992 vart sørsida med soknene Feios og Fresvik overførde til Vik, medan Frønningen-godset vart overført til Lærdal.
År | Parti | Namn | Yrke |
---|---|---|---|
1991-1993 | Ap | Kjell Helleland (1946-) | HVPU-koordinator |
1994-1995 | Ap | Åsta Magni Hauge (1950-) | Vernepleiar |
1995-1999 | V | Nils Erling Yndesdal (1959-) | Fylkesmiljøvernsjef |
1999-2003 | V | Rolf Nesheim (1960-) | Kontorfunksjonær |
2003-2015 | Ap | Olav Lunden (1955-) | Maskinførar |
2015-2019 | Ap | Jon Håkon Odd (1977-) | Seniorrådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT |