Jakob Liv Rosted Sverdrup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Sverdrup på et xylografi av Hans Christian Olsen.

Jakob Liv Rosted Sverdrup (Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1899 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet.

Oppvekst og utdanning

Sverdrup var son av sokneprest Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand og Caroline M. Suur. Han var fetter av Jakob Walnum. Etter oppveksten i Balestrand gjekk han Nissens latin- og realskole i Kristiania frå 1862 og vart student i 1864. Han tok teologisk embetseksamen våren 1869 og var lærar ved Nissens skole i eit år.

Sogndal folkehøgskule

I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874.

Sokneprest og lokalpolitikar

Sverdrup var alt i 1874 inne på å gå inn i geistleg verksemd, og 11. april 1878 vart han utnemnd til sokneprest i Leikanger.

I Sogndal hadde han fått ein sentral posisjon i lokalstyringa. Han vart ordførar (1878), forlikskommisær og direktør for Sogndal sparebank. På Leikanger vart han sameleis både ordførar (1881), forlikskommisær (1879), medlem av amtsutvalet (1882), jenteskulekomiteen (1883) og direksjonen i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1883). Desse omboda hadde han til 1884.

Rikspolitikar

Sverdrup vart vald inn på Stortinget frå Nordre Bergenhus amt hausten 1876, på stortingsplassen som far hans hadde hatt i ei årrekkje. Han møtte fyrste gong i 1878 på grunn av sjukdom i 1877.

På Stortinget vart han ein av onkelen Johan Sverdrups næraste støttespelarar, og då Johan Sverdrup skipa regjering 26. juni 1884, vart Jakob Sverdrup utnemnd til statsråd. Så lenge Sverdrup-regjeringa sat, var han dels medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm og i to periodar kyrkjeminister.

Etter kløyvinga av Venstre i 1888 vart Sverdrup ein av frontfigurane for Moderate Venstre, som hadde sitt viktigaste veljargrunnlag i dei lågkyrkjelege kristelege miljøa på Vestlandet. I åra 1892-97 var han stortingsrepresentant for Bergen, og i 1895 gjorde han to mislukka freistnader på å danne regjering etter oppmoding frå kong Oscar II. Han kom likevel att som statsråd i Francis Hagerups fyrste regjering 1895-97. Den rikspolitiske innsatsen til Sverdrup er elles mykje framheva i andre biografiske omtaler.

Bergen

Sverdrup og familien forlet Leikanger og Sogn for godt då han vart utnemnd til statsråd i 1884. Han vart 9. januar 1890 utnemnd til sokneprest i Korskirken i Bergen. I 1898 vart han utnemnd til biskop i Bergen, men rakk aldri å overta embetet før han dødde i 1899.

Familie

Jakob Sverdrup gifte seg 4. august 1871 med syskenbarnet Marie Bernhardine Suur (1845-1916), dotter av kjøpmann Bernhard Suur og Cathrine f. Paschen. Dei fekk ni born:

  • Harald Ulrik Sverdrup (f. 1872)
  • Sigurd Bernhard Sverdrup (f. 1874)
  • Inger Sverdrup (f. 1875)
  • Helga Sverdrup (f. 1877)
  • Ragnhild Sverdrup (f. 1879)
  • Jakob Sverdrup (1881-1938)
  • Georg Johan Sverdrup (1885-1951)
  • Erling Sverdrup (1887-1902)
  • Aslaug Sverdrup (f. 1891)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker