Samisk mat
Hopp til navigering
Hopp til søk
Samisk mat varierer ein god del mellom ulike samiske samfunn. Blant reindriftssamar er reinkjøttet naturlig nok utgangspunktet. Veidesamar har tradisjonelt hatt sitt utgangspunkt i småvilt (inkl. rype, tiur og hare), fisk og bær, urtar og sopp. Småbrukssamane, f.eks. langs kysten av Midt- og Nord-Norge, har hatt mykje av den same tradisjonsmaten som sine ikkje-samiske naboar — men gjerne med ein del bruk av reinkjøtt. Typisk samiske mat inkluderer bl.a. tørrkjøtt av rein, bidos (kjøttsuppe av rein), reinost/sauost som kaffeost, boknafisk, røykt røye eller annan fisk, gáhkko (rundt, heva brød).