Ikornnes kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ikornnes kapell er ei kyrkje på Ikornnes i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1978 og bygd i betong. Arkitekt var Alf Apalseth. Det var ei gåve frå fabrikkeigar Jens E. Ekornes som gjorde det mogeleg å realisere Ikornes-kyrkja. Ho er i dag soknekyrkje i Ikornnes sokn. Erlend Lunde er sokneprest. Kyrkja har 350 sitjeplassar.