Erik Aarvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. sep. 2014 kl. 07:29 av Kallrustad (samtale | bidrag) (FT-lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Erik Andreas Aarvik (fødd 19. desember 1876 i Børsa i Sør-Trøndelag, død?) var lærar og redaktør, aktiv i fråhalds-, mål- og venstrearbeid i Orkdalen.

Han var son av båtbyggjar Elling Eriksen og Ingeborg-Anna Andersdotter Aarvik. Erik Andreas Aarvik tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1898. Seinare tok han kurs i mellom anna sløyd og teikning.

Som nyutdanna var han lærar i Lenvik (1898) og Vågan (1899). Aarvik arbeidde frå 1903 i Geitastrand, i 1911 var han i Orkdal, men i 1912 kom han til nabobygda Orkanger, der han vart resten av yrkeslivet.

Aarvik var i to bolkar redaktør av bladet Sør-Trøndelag (1908-17 og frå 1926). I 1921 vart han skulestyreformann i Orkanger, og ei tid var han dessutan overformyndar. Erik Andreas Aarvik var styremedlem i Uttrøndelag lærarlag og formann i Orkdal kretsvenstrelag.

Han gifte seg i 1908 med Maren Oline Andersdotter Roven (1869-), dotter av gardbrukar Anders Toresen Roven.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket