Aurgjeldsgeit
Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er oftast rigga med symmetrisk råsegl heller enn med lårsegl («geitbåtsegl»). Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Valsøyfjord og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.
Historie
Størrelsar og namn
Kjerkjebåtar
Det finst bevart éin eldre kjerkjebåt med sju par årar, «Fjordamerra». «Fjordamerra» vart bygd i 1842, trulig i Valsøyfjorden, og vart bruka som kyrkjebåt i Årvågsfjorden, der dei laut ro ut heile fjorden og innover til Aurkjerkjå på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på Sverresborg i Trondheim, men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt Geitbåtmuseet i Valsøyfjorden. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:
- «Fjordamerra» – Stemshaug
- «Halsabrura» (1997) – Valsøyfjord
- «Hjelmkånnå» (2009) – Bøfjorden
Bildegalleri
Færingar
Seksringar
Fyringar
Femringar og større
Kjerkjebåtar
- «Fjordamerra» etter flyttinga til Geitbåtmuseet.Foto: Olve Utne (1997).
- Fjordamerra (1996) under kongebesøket i Aure kommune sommaren 2014.Foto: Olve Utne (2014).
Bibliografi
- Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
|