«Halsabrura»
Hopp til navigering
Hopp til søk
«Halsabrura» er ein kjerkjebåt (kyrkjebåt) av aurgjeldsvarianten av geitbåt. Han vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997 som kopi av «Fjordamerra», ein kyrkjebåt med sju par årar som truleg vart bygd i Valsøyfjorden men som tente som kyrkjebåt i Årvågsfjorden i noverande Stemshaug sokn i Aure kommune. Det fanst ein liknande kyrkjebåt i Valsøyfjorden som gikk under namnet «Botnabrura», og namnet «Halsabrura» er avleidd av det.