Skarven (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stabben (til venstre) og Skarven (til høgre) sett frå Edøyfjorden.
Foto: Olve Utne

Skarven er eit 896 meter høgt fjell på Tustna i Aure kommuneNordmøre. Fjellet ligg mellom Sålåsundet i aust og Gullsteinsdalen i vest. I lag med Jørenvågsalen/Knubben, Stabben/Innerbergsalen, Storøra/Slettbakktind og Litløra (Imarn) blir Skarven rekna til Tustnastabban. Det har vore spekulert i at øynamnet Tustna, tidlegare skrive Tusteren på 1800-tals-dansk og Toester på 1500- og 1600-tals-nederlandsk, har bakgrunn i norrønt þústr ('slegel, sliul') og opprinneleg var namnet på fjellet Skarven. I tidlegare tider var toppen av Skarven utgangspunktet for felles sauleiting. Fjellet er eit populært turmål og vart besøkt av dronning Sonja tysdagen den 28. juli 2015.