Olav Aartun
Olav Aartun (fødd 12. juli 1888 i Sauda, død 27. januar 1977) var lærar.
Han var son av oppsynsmann og bonde Karl Brynjulfsen Aartun og Marta. Olav Aartun tok eksamen ved Holmestrand lærerskole i 1912. Seinare tok han kurs i song, sløyd, teikning og hagebruk.
Aarun var lærar i Skjold 1912-15 og i hjembygda Sauda 1915-19. Frå 1919 var han tilsett ved Engelsvoll skule i Klepp kommune. Som tillitsmann for lærarane her vart han arrestert under lærarstriden i 1942 og heldt i Grini fangeleir frå 30. april til 14. desember 1942.
Olav Aartun var gift med Louise f. Nordbø (1895-1978), dotter av handelsmann Laurits Nordbø og Louise f. Torsen. Dei fekk tre soner og fire døtrer. Sonane Leiv Brynjulv og Sigurd ga ut boka Motstandskampen i skolene 1940–1942 i 2003, kor dei bygde ein del på kjelder frå faren.
Kjelder og litteratur
- Ola Martinius Karlsen i folketeljinga 1900 for Sauda herred frå Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Ottosen, Kristian (1995). Nordmenn i fangenskap 1940–1945 (1.utg., s. 682). Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aartun, Leiv Brynjulv og Aartun, Sigurd (2003). Motstandskampen i skolene 1940–1942. Oslo: Orion
- «Forteller en glemt historie» av Ole J. Askeland, Stavanger Aftenblad 12. desember 2003 s. 44
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2527446), med bilete av gravminnet.