Maria Bertina Aaland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2017 kl. 10:10 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Bertina Aaland.
Foto: Norske Skolefolk (1934)

Maria Bertina Aaland (fødd 2. oktober 1895 i Innvik i Nordfjord, død 30. april 1970) var lærarinne.

Ho var dotter av bonde Jon Aaland (1849-?) og Inger f. Hopland (1859-?). Maria Bertina Aaland tok eksamen ved Volda lærarskule i 1918. Lærarinnekurset på industriskulen i Oslo tok ho i 1926.

Som nyutdanna vart ho tilsett som lærarinne i Breim i 1918, og i 1921 arbeidde ho ved Espevær folkeskuleBømlo. Frå 1922 til 1934 var Maria Bertina Aaland lærarinne ved Dale folkeskule og fram til 1937 på Valsvik skule, Vik i Sogn.

Kilder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket

Eksterne lenker