Borgundvåg krins
Borgundvåg krins er ein skulekrins i Selje kommune i Nordfjord. Skulen var todelt og hadde jamt over 15-20 elevar i kvar avdeling fram til slutten av andre verdskrig. Etter dette sank elevtalet og det var på det meste 13 elevar i storskulen (4.-7.klasse) og 9 elevar i småskulen (1.-3.klasse).
I 1968 vart skulekrinsen einige om å sende borna til Nordstranda skule (mot skyss fram og tilbake) og Borgundvåg skule var ikkje lenger i bruk som skule.
Skulehus
Skulen vart heldt i eit leiga lokale hos Hans Olsen Borgundvåg i frå 1899 og fram til sommarferien i 1904 då skulehuset skulle bli tatt i bruk. Skulehuset vart laga på dugnad av fedrene til skuleborna og hadde ein 4 alen høg gråsteinsmur som skulle tene som kjellar. Allereie i 1900 starta krinsen å planlegge bygging av skulehuset og den vart bygd på utmarka nord for våningshuset til Mathias Sørensen Borgundvåg.
Skulehuset var ofte ein møtestad for festar og lagsmøter.[1]
Skuledagen
Skulevegen
Dei fleste elevane kom frå Borgund, Borgundvåg, Firkort, Beitveit og Tungevåg. Det var dei frå Beitveit som hadde lengst reiseveg, men det er ikkje skrive noko om at dei vart forhindra for å kome til skulen noko gong.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Kjøde | Johan | ||||||
Sandsbakk | P. | ||||||
Borgund | Dina | Borgundvåg skule | 1948 | ||||
Myklebust | Anders | Borgundvåg skule | 1920 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Dagbok for Borgundvåg skule 1900-1921
- Dagbok for Borgundvåg skule 1922-1967
- Skuleprotokoll for Borgundvåg skule 1899-1919
- Skuleprotokoll for Borgundvåg skule 1920-1967
- Forhandlingsprotokoll for Borgundvåg krins 1900-1968
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
Koordinater: 62.15231° N 5.29915° Ø
- ↑ Aaland, Jacob (1957) Nordfjord frå gamle dagar til no – Oslo : Forenede tr..