Borgundvåg krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Borgundvåg krins var ein skulekrins i tidlegare Selje kommune i Nordfjord. Noverande kommune er Stad kommune.

I 1968 vart foreldra i krinsen og krinstyret einige om å sende borna til Nordstranda skule mot at borna fekk skyss fram og tilbake og Borgundvåg skule var ikkje lenger i bruk som skule.

Skulehus

Borgundvåg skule.

Skulen vart heldt i eit leiga lokale hos Hans Olsen Borgundvåg i frå 1899 og fram til sommarferien i 1904 då skulehuset skulle bli tatt i bruk. Skulehuset vart laga på dugnad av fedrene til skuleborna og hadde ein 4 alen høg gråsteinsmur som skulle tene som kjellar. Allereie i 1900 starta krinsen å planlegge bygging av skulehuset og den vart bygd på utmarka nord for våningshuset til Mathias Sørensen Borgundvåg.

Skulehuset var ofte ein møtestad for festar og lagsmøter.[1]

Skuledagen

Skulevegen

Dei fleste elevane kom frå Borgund, Borgundvåg, Firkort, Beitveit og Tungevåg. Det var dei frå Beitveit som hadde lengst reiseveg, men det er ikkje skrive noko om at dei vart forhindra for å kome til skulen noko gong.

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Johan Kjøde
P. Sandsbakk
Dina Borgund Borgundvåg skule 1948
Anders Myklebust Borgundvåg skule 1920 d.19.11.1965
Ivar Styrksson Brattaule 1840? Borgundvåg Var vertfall lærar i 1877

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Dagbok for Borgundvåg skule 1900-1922
  • Dagbok for Borgundvåg skule 1922-1968
  • Karakterprotokoll for Borgundvåg skule 1899-1920
  • Karakterprotokoll for Borgundvåg skule 1920-1968
  • Forhandlingsprotokoll for Borgundvåg krins 1900-1968


Koordinater: 62.15231° N 5.29915° Ø

  1. Aaland, Jacob (1957) Nordfjord frå gamle dagar til no – Oslo : Forenede tr..