Tysnes kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jun. 2023 kl. 08:57 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Kirker» til «»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysnes kyrkje 2006.
Foto: Knut Rage

På sett og vis tek historia om kyrkjene på Tysneset ved innseglinga til Våge i Tysnes kommune til allereie i heidensk tid. På Tysneset har det vore religiøs utøving lenge før dei første prestane og munkane kom til norskekysten ein gong på 1000-talet. Her finn ein såleis restane etter eit horg, ein norrøn offerstad. Det ser med andre ord ut til at ein kan ha ført dei eksisterande religiøse tradisjonane på staden over i nye banar. Ein har bokstaveleg tala bygd den nye kristentrua på tuftene av den gamle heidenske. I alle høve vart det i si tid reist ei kyrkje like i nærleiken av den offerstaden som låg der frå før - truleg ei stavkyrkje, ettersom det i eldre rekneskap vert nemnd svalar.

Dei eldste kyrkjene

Denne kyrkja stod fram til omlag 1685. Ho hadde tårn og våpenhus, og skipet hadde glasvindauge. Til slutt vart den gamle kyrkja riven og det vart bygd ei ny. Ho vart reist på ein litt annan stad. Sjølv om nyekyrkja langt frå var av dei gjevaste vart ho omtala som "en smuk tømmerkirke."

Frå 1780 høyrer me om den dåverande eigaren: "... Sr. Rasmus Lindgaard Formann, borger og negotiant udi Bergen".

Men heller ikkje denne kyrkja skulle koma til å stå. Etter mykje vøling og flikking vart ho riven i 1860-åra. Så vart det bygd ei ny kyrkje, som fekk stå der nokre tiår før ho vart teken ned planke for planke og flytta over sjøen til Gjerstad i Tysnesbygda, der ho står i dag.

Reparasjon eller flytting?

Kyrkja slik ho stod på Tysneset før flyttinga i 1905.

Såleis tok ein etter kvart for alvor til å diskutera spørsmålet om kyrkja skulle reparerast vidare der ho stod, eller om ho skulle flyttast ein annan stad. Eit viktig moment var at tida hadde endra seg. Ein tenkte seg no gjerne at soknet burde ha ei kyrkje som stod noko meir sentralt plassert enn tilfellet var no etter kvart. Folk nytta ikkje utan vidare sjøvegen på same vis som før, det var kome til bygdevegar mange stader. Dermed melde straks to viktige spørsmål seg: kvar skulle dei i så fall flytta kyrkja, og kva ville det kosta?

Kyrkjetilsynet fekk ein byggmeister til å sjå på det siste spørsmålet - kva det ville kosta å reparera kyrkja. Tilbodet hans hamna på 3000 kr. Ei eventuell flytting ville kosta mest fire gonger så mykje - 11 000 kr. Dermed vart spørsmålet: skulle dei gje kyrkja endå ein reparasjon, eller skulle dei ta utgiftene med flytting? Det var eit såpass omfattande spørsmål at ordføraren i heradet like godt innkalla til eit "borgarmøte" for å drøfta saka. Stemninga var helst positiv for flytting. Det same var medlemmene av kyrkjetilsynet då saka kom opp der - bortsett frå to karar frå Reksteren som like godt krov at kyrkja heller burde flyttast ut dit. Til slutt fekk Reksteren eiga kyrkje.

Slik gjekk debatten fram til 1902, då kyrkjetilsynet endeleg fatta eit vedtak i saka. Kyrkja skulle flyttast over sundet til Gjerstad, berre nokre hundre meter i luftline. Samstundes planla dei òg ein kyrkjegard som skulle leggjast attmed nyekyrkja. Skulle dei flytta kyrkja bort frå Tysneset ville det sjølvsagt òg vera naturleg at ein ikkje nytta den gamle gravplassen der ute i same grad som før.

Men det var ein person som ikkje godtok denne løysinga - og det var ingen ringare enn sjølvaste soknepresten Gunnar Deinboll. Han sende eit langt skriv til kyrkjetilsynet der han påpeikte ei heil rekkje med moment som etter hans syn talte imot Gjerstad som den nye kyrkjestaden. Det endte med at Deinboll søkte seg vekk frå kallet etter at han hadde lidd eit kraftig nederlag i heradstyret.

Flyttinga tek til

Tysnes kyrkje på 1930-talet, med hestestallar i bakgrunnen.

Då kyrkjebygningen på Tysneset skulle rivast og førast opp att på Gjerstad hadde ein ikkje lenger dei opphavlege teikningane som var naudsynte for å få oppføringsløyve. Dei nye teikningane vart såleis utførte av arkitekt H. S. Echoff, som slik sett får stå som den "offisielle" arkitekten til den noverande Tysneskyrkja. Det var byggmeister Torjus Tengesdal som hadde fått det store oppdraget for den nette sum av 12 800 kroner, eit solid beløp i den tida. Flyttinga fann stad i 1905, og sjølve byggearbeidet tok til same året og heldt fram året etter, til kyrkja stod klar til vigsling på seinsommaren 1906.

Nytt interiør

Kyrkjeklokka frå mellomalderen, truleg av engelsk opphav.

Mesteparten av interiøret frå den gamle kyrkja på Tysneset vart ikkje teke med under flyttinga. Heller ikkje den gamle altartavla eller altarskåpet følgde med på flyttelasset, men vart sendt til Bergen Museum i staden, saman med ein gråsteinsdøypefont som stamma frå mellomalderen. Den opphavlege Tysneskyrkja fekk såleis ny altartavle i 1868, måla av Johan Ludvig Losting - motivet framstiller Kristus som den gode hyrdingen. Losting var fødd i Bergen, og er i dag hugsa både som målar og litograf. Han måla biletet me finn på altartavla i 1868, berre nokre få år før han døydde. Det framstiller Kristus consolator - Kristus som trøystaren. Kristus står på eit podium i ein rundboga portal med eit bylandskap og lys himmel som bakgrunn. På det rutete golvet framfor Kristus står fleire personar i ulike stillingar. Ved sidan av ulike nyansar av brunt og brungrønt er hovudfargane raudt og blått. Kristus har strekglorie, raud kjortel og blå kappe med kvitt fôr. Under målarstykket finn me ei innskrift i gotisk fraktur der det står "Kommer hid til mig alle I, som arbeider og ere besverede, jeg vil vederkvæge eder. Matth XI v. 28".

Samstundes fekk kyrkja både ny preikestol, døypefont, disk og altarstaup. Berre kyrkjeklokka er den same som den klokka som alltid har følgd kyrkjene på Tysneset heilt sidan mellomalderen.

På eit fotografi som vart teke av den opphavlege kyrkja på Tysnes kan ein tydeleg sjå at det kyrkjebygget som stod der ute er noko annleis enn kyrkja på Gjerstad - ja, ho ser såpass annleis ut at ein ikkje skulle tru det var same kyrkja. Men i røynda vart det ikkje gjort nokre større endringar. Faktisk var det berre tårnet som vart endra - det fekk ein enklare stil. Som dei aller fleste andre kyrkjer frå denne perioden var ho kvitmåla frå byrjinga. Innvendes var kyrkja brunleg, både når det galdt vegger, tverrbjelkar og hanebjelkar. Det flate korloftet derimot var kvitt, det same var frontgalleriet.

Tysneskyrkja har plass til nærare fire hundre menneske - eller for å vera meir nøyaktig, 300 menneske i skipet og 84 personar på galleriet. Omlag samstundes med at nyekyrkja vart teken i bruk på Gjerstad kom det også eit nytt orgel. Det vart innvigd sjølvaste første juledag 1906.

Ombyggingar og reparasjonar

Tysnes kyrkje ein preikesundag, før 1920.

Opp gjennom åra har det kome til mindre endringar i Tysneskyrkja. I 1936 vart kyrkja måla innvendig. Kyrkja fekk også to lysekroner i gåve, ei anna gåve var farga glas i vindauga.

I 1940 fekk Tysneskyrkja elektrisk belysning for første gong. Det var den kristelege ungdomsforeninga i Våge som bidrog med denne gåva. Det var då rimelegvis både kommunen og private gjevarar som hadde støtta opp om tiltaket.

I 1955 fekk kyrkja to vakre vasar i sølv av Tysnes Husmorlag. Husmorlaget gav også to særs flotte brurstolar i 1959. Hausten 1955 vart det installert elektrisk oppvarming i kyrkja.

På slutten av 1970-talet gjekk kyrkja gjennom ei større oppussing. Det var Johannes Rørvik frå Kvinnherad som leia restaureringsarbeidet i 1977. Tanken om restaurering av kyrkja hadde vore diskutert allereie fleire år i førevegen, og det vart sett ned ein komité som skulle arbeida med spørsmålet. Med i komitéen var mellom andre forfattaren Johannes Heggland.

Dei eplegrøne veggene frå 30-talet vart skrapa og luta, slik at dei no står fram som umåla. Fargevalet byggjer på situasjonen i den nyoppførte kyrkja frå 1906, der alt dette ein kan kalla konstruktive ledd, slikt som opplengjer, stolpar og dei delane av takkonstruksjonen som er synlege, er måla i ein noko gulare nyanse enn treverket med mørkare avfasingar. Det er Rørvik som har måla rankeornamentikken.

Nokre av fyllingsdørene vart laga som kopiar av dei gamle dørene under restaureringa. Det same galdt vindauga. Tidlegare hadde dei farga glas, men under den omfattande oppussinga i 1977 kom det inn klårt glas. Arbeidet var elles basert på mykje hjelp, og må ha vore ein prosess som kravde mykje tålmod. Etter den omfattande restaureringa vart kyrkja vigsla på nytt 4. oktober 1977.

Året 2000 vart det installert eit godt og avansert høgtalaranlegg i kyrkja. Det har vore til stor nytte for dei av kyrkjegjengarane som ikkje høyrer så godt, for ikkje å snakka om den fine lyden ein no får ved konsertar og likande tilstellingar.

Inventaret i kyrkja

Kyrkjeskipet er ein modell av galeasen "Loyal", laga av Martin Kathenes.

Av inventar og utstyr elles kan nemnast Bibelen på altaret som er trykt i København 1819. Kyrkja har kalk og disk som vart kjøpte inn til den nye kyrkja på Tysneset i 1868. Både kalken og disken er forgylla innvendes. På kupa er det inngravert ein latinsk kross. Dåpsfatet er av tinn. Det vart mogleg kjøpt til kyrkja i 1841. Fatet har ein enkel profil langs kanten. I randa er det laga til eit hol for oppheng. Inngravert finn me "BG 1787". BG står for Bernt Grønning. Saman med dåpsfatet finn me ei tinnkanne for dåpsvatn. Innskrifta lyder: «Til Tysnes kirke fra Lundebygden 1953».

Med seg frå den gamle kyrkja fekk nyekyrkja ein "almissesamlar", som dei kalla det i gamle dagar, altså ein pung til innsamling av offerpengar. Det er ein såkalla klingpung på ei trestong med enkel skurd ved handtaket. På pungen er det brodert ein bukett med blad, raud nellik, raud rose og blå rose samla med ei blå sløyfe. Over blomemotivet er det eit stykke med beige fløyel som er påbrodert "BMA 1831". Elles finn me òg to blekkbøsser i eit skap i sakristiet, og ei treskål på altaret til offer.

Orgelet er bygd hos Olsen & Jørgensen 1906. Det har ti stemmer fordelte på to manualar og pedal, med mekanisk overføring. Prospektet er bygd opp som ein kopi av altaroppsatsen med same inndelinga i tre spissboga felt, skilde frå kvarandre med fialar og med kross over midtfeltet. Spelepulten er sentralt plassert mot altaret.

Mange har stoppa opp og beundra den vakre skipsmodellen som heng i kyrkja. Noko uvanleg er det kanskje at det er eigaren av den verkelege skuta som òg har laga skipsmodellen, Martin Kathenes. Skuta hans heitte "Loyal", bygd i Ålesund. Det var ein galeas som gjekk i Nordlandsfarten, ein nokså vanleg trafikk for mange tysnesingar i gamle dagar. "Loyal" var den aller siste nordlandsfararen som forsvann frå Tysnes, etter å ha gått i fraktefart på norskekysten, Sverige og Danmark heilt fram til 1966. Berre det gjer skuta til eit historisk minnesmerke i seg sjølv. Såleis høver det ekstra godt at det nettopp er "Loyal" som har fått æra av å vera Tysneskyrkja sitt kyrkjeskip. Den praktfulle galeasen er i dag heimehøyrande på Sotra og seglar framleis langs kysten og på tokt over dei sju hav som den ekte Kapp Horner'en ho er, etter ei omfattande restaurering i seinare år. Skipsmodellen som heng i kyrkja er ei gåve frå familien til Martin Kathenes.

Til 100 års-markeringa for flyttinga av Tysneskyrkja i 2006 fekk kyrkja låna den gamle døypefonten av kleberstein frå mellomalderen som opphavleg stod i den gamle kyrkja, og som seinare vart deponert på Bergen Museum. Døypefonten er aldri kravd tilbake og er framleis i bruk.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Drange, Ernst Berge: Tysnes, gards- og ættesoge. Band 3. Tysnes sogelag. 1989.
  • Heggland, Johannes: Tysnes, det gamle Njardarlog. Tysnes sogelag. 1964 og 1975.
  • Rage, Knut: Tysnes kyrkje 1906-2006. Jubileumsbok i samband med 100 års-markeringa for flyttinga av Tysnes kyrkje 1906. Utg. Tysnes sokneråd, 2006.
  • Norges kirker. Hordaland, bind 2. Gyldendal. 2000.



Koordinater: 60.040527° N 5.531284° Ø