Byklestigen i 1974, før restaureringa.
Foto: Reidar Tveito
Byklestigen er ein del av den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. Det er eit farleg parti av vegen, som no er erstatta av riksveg 9 som går i tunnel her.
Ein veit ikkje når vegen fyrst vart opparbeida, men han byrja som ein bratt stig og er nemnt i 1780. Det vart sett opp rekkverk på begge sider av kleiva. Ein kunne ikkje ri opp stigen, og ein kunne heller ikkje ha kløv på hesten om ein var åleine. På vinteren var det særs farleg å nytte vegen, for vatn frå fjellet fraus til is. Fram til omkring 1770 var det få som torde å ta seg fram med hest her.
I 1997 vart stigen vald til Bykle kommune sitt kulturminne i
kulturminneåret.
Les mer …