Forside:Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Skulehistorie i Sogn og Fjordane

Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. Prosjektet starta i Sogn og Fjordane fylke i 2015. Sogn og Fjordane og Hordaland utgjer frå 2020 Vestland fylke. På sikt ønskjer vi å dekke skulehistorie i heile Vestland fylke. Det er mange ulike kjelder som fortel om skulehistoria, mellom anna katalogar, foto, gjenstandar, brev, dokument og forteljingar. Desse verdifulle materielle og immaterielle kulturminna finn ein hjå musea, arkiva, lokale organisasjonar eller andre, men ikkje alltid lett tilgjengeleg. Det er viktige kjelder til kunnskap som ikkje når ut til folk på ein god nok måte.

Fleire kulturaktørar i Noreg jobbar med å opne opp og tilgjengeleggjere kulturdata. Dette vil vi både bygge vidare på og dra nytte av i dette prosjektet. Målet er å digitalisere og tilgjengeleggjere meir materiale i dei opne nasjonale kulturdatabasane samtidig som vi i vår portal hentar ut skulestoff på tvers av fagområde.

Prosjektet vil prioritere perioden frå den første skulelova kom i 1739 til kommunesamanslåingsperioden på midten av 1960-talet. Både tilgang til kjeldemateriale og personvernsomsyn vil legge føringar for kva som vert digitalisert og formidla.   Les mer ...

 
Smakebitar
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.
Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.   Les mer …

Olav Sande kring 1880
Olav Sande (fødd 26. juni 1850 i Kyrkjebø, død 23. august 1927 i Bergen) var lærar, folkeminnsesamlar, tonediktar og målmann. Sande vart tidleg engasjert i målsaka og var med i Målvinarlaget ved Stord seminar. I Sogn og Fjordane vart han ein av pionérane for målsaka. Han tok opp spørsmålet alt i 1872 på eit lærarmøte i Sogndal. I 1880 heldt han føredrag om målsaka på eit prostilærarmøte på Skjolden i Luster, eit møte som ofte vert framheva som eit vendepunkt for målreisinga i Sogn.   Les mer …

Mor og son, Brita og Mons H. Takle.
Foto: Norland, Bergen.

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.   Les mer …

Skulehistorie i Førde skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå tidlegare Førde kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogeleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.   Les mer …

Skulehistorie i Solund skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Solund kommune si skulehistorie. Kommunen vart skipa i 1858 under navnet Utvær. Før dette var Solund ein del av Gulen kommune. Kommunenamnet vart i 1893 endra til Sulen, og i 1920 til Solund. I 1964 vart øya Losna overført frå Gulen kommune til Solund kommune.

Solund var den første tida delt i to skuledistrikt - eitt ytre og eitt indre. Grensa gjekk gjennom Dalesundet. Dei to distrikta vart delte i roder, og i 1864 vart desse erstatta av 12 skulekrinsar. Før det kom fastskule for læraren og elevane frå hus til hus, frå gard til gard. Det var meininga at alle skulle bidra, og det vart halde skule i stover rundt om i kommunen. Talet på ungar kunne av fleire grunnar variere frå dag til dag, men i 1833 var det 204 skulepliktige born i Solund.

Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule.   Les mer …

Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.   Les mer …
 
Kategoriar for Skulehistorie i Sogn og Fjordane
ingen underkategorier


 
Andre artiklar