Faleide krins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Faleide krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune) omfatta på det meste gardane Sindre, Nybø, Flore, Haugen og Maurhaugen i Sør-Markane, Røberg, Haugen, Sætren, Langeset, Svarstad og Faleide på nordsia, og Frøholm, Holen og Agjeld på sørsida av fjorden. I 1861 gjekk gardane i Sør-Markane til Sindre krins. I 1915 kom Robjørgane med i Faleide krins, og Rødberg krins vart lagt ned.
Skulehus
Faleide skule
- Byggeår: 1866
- Fungerte som skule: 1866-1967
- Anna bruksområde: Huset var flytta og bygd på i 1928. Bustadhus etter 1967. Skulemuseum frå omlag 1991.
Lærarar
Namn | Fødd | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
Helge Hammer | 1869 | 1892 | ? | Stord lærarskule (1888) | Var lærar i ymse krinsar i Innvik i 1,5 år, før han vart lærar i Faleide. |
Ivar Holmøy | 1900 | ? | ? | Stord seminar (1925) | Lærar i Selje 1929-1947, lærar i Sindre og Faleide etter dette. |
Matias Skrede | 1903 | ? | ? | Volda lærarskule (1924) | Lærar i Faleide og Sindre krins, sidan i Utvik krins. |
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.