Faleide krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Faleide krins i Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune) omfatta på det meste gardane Sindre, Nybø, Flore, Haugen og Maurhaugen i Sør-Markane, Røberg, Haugen, Sætren, Langeset, Svarstad og Faleide på nordsia, og Frøholm, Holen og Agjeld på sørsida av fjorden. I 1861 gjekk gardane i Sør-Markane til Sindre krins. I 1915 kom Robjørgane med i Faleide krins, og Rødberg krins vart lagt ned.

Skulehus

Faleide skule

  • Byggeår: 1866
  • Fungerte som skule: 1866-1967
  • Anna bruksområde: Huset var flytta og bygd på i 1928. Bustadhus etter 1967. Skulemuseum frå omlag 1991.

Lærarar

Namn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Helge Hammer 1869 1892 ? Stord lærarskule (1888) Var lærar i ymse krinsar i Innvik i 1,5 år, før han vart lærar i Faleide.
Ivar Holmøy 1900 ? ? Stord seminar (1925) Lærar i Selje 1929-1947, lærar i Sindre og Faleide etter dette.
Matias Skrede 1903 ? ? Volda lærarskule (1924) Lærar i Faleide og Sindre krins, sidan i Utvik krins.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder