Sindre krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

I 1861 vart den delen av Markane som høyrde til Innvik herad i Faleide krins og Jutledalen, Øen og Utigard Maurset slegne saman til Sindre krins. Denne krinsen er ein del av Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune). Skulen i Sindre krins var lagt ned i 1878. Etter dette gjekk borna først på skule i nabokrinsane. I 1924 vart Sindre skule etablert på nytt, men då utan eige skulehus. Det var halde skule først i hovudhuset så i stabburet på garden Flore fram til og med skuleåret 1949/50.

Skulehus

Sindre skule

  • Byggeår: 1863
  • Fungerte som skule: 1863-1878
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart seld til Lødemel krins. Det var rive og køyrd til Lødemel og sett opp igjen der. I 1952 var huset seld på auksjon, rive og tømmeret vart brukt til eit hus i Volda.

Lærarar

Namn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Olina Beinnes 1895 1924 ? Volda lærarskule (1924) Også lærar i Tisthamar og Blakset (1924-1934), og ved Olden skule (1934-).
Ivar Holmøy 1900 ? ? Stord seminar (1925) Lærar i Selje 1929-1947, lærar i Sindre og Faleide etter dette.
Matias Skrede 1903 ? ? Volda lærarskule (1924) Lærar i Faleide og Sindre krins, sidan i Utvik krins.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Dagbok for Faleide skule, Sindre skule, Aarholen skule og Aufleim skule, 1890-1904
  • Dagbok for Innvik krins, Blakstad krins og Sindre krins, 1920-1950
  • Dagsjournal for Faleide skule, Rake skule (Markene krins) og Sindre krins, 1864-1877
  • Dagsjournal for Faleide skule, Sindre skule og Aufleim skule, 1878-1899
  • Skuleprotokoll for Faleide krins, Rakle krins, Markene krins og Sindre krins, 1862-1877
  • Skuleprotokoll for Faleide krins, Sindre krins, Auflem krins og Aarholen krins, 1878-1895
  • Skulestorbok for Innvik småskule, Blakset krins og Sindre krins, 1920-1950