Hotellvegen (Tokke)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Hotellvegen sett austover med Dalen hotell i enden.
Foto: Roy Olsen (2020).
Hotellvegen på Dalen i Tokke kommune er 506 meter lang og går austover frå Storvegen i krysset med Nestestogvegen. Ved Dalen hotell gjer vegen ein krapp sving nordover og ender igjen i Storvegen.
Vegen har namn etter Dalen hotell.
Dalen hotell vart teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve og opna i 1894. Det er bygd i nasjonalromantisk stil, nærast dragestil, med tårnoppbygg, spir og utspring. Med sine 4500 m² er hotellet ein av dei største trebygningane i Noreg, og det siste som er att av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Lokalhistoriewiki: Dalen hotell.