Kommandersersjant
Kommandersersjant var høgste underoffisersgrad ved infanterikompania i Hæren fram til graden vart avskaffa ved etableringa av ny befalsordning i 1930. Graden vart innført i 1747 da den erstatta den eldre høgste underoffisersgraden Capitaine des armes.[1] som vart teke bort.
I ein del litteratur[2] er det påstått at kommandersersjantgraden berre galdt i dei verva («gevorbne») avdelingane fram til den vart innført for dei nasjonale så seint som i 1855. Men den er brukt for nasjonale avdelingar i alle fall frå kring 1790, i nokre tilfelle alt i 1770-åra og i enkelttilfelle alt i 1748.[3]
Idag
Graden vart igjen innførd i samband med militærordninga av 2016 som ein del av etableringa av befalskategorien spesialistbefal. Som distinkssjon har kommandersersjanten tre vinklar med tre bogar over desse. Den tilsvarande graden i Sjøforsvaret er orlogsmeister. Graden har NATO-rang OR8 som ein major i offiserskorpset.[4][5]
Referanser
- ↑ Christophersen s. 11.
- ↑ M.a. i Odlaug 1928 s. 161.
- ↑ Kjelland, Arnfinn: Eige arbeid med militære ruller frå 1. Oplandske nasjonale infanteriregiment frå 1662 til ca 1813. I grenaderrulla for Ringebuiske kompani 1775 er det t.d. opplyst at furer Ole Jensen Holl hadde avansert til «Commander Sergiant» ved regimentet sitt livkompani. I hovudlegdsrulla for Gausdalske kompani for 1748 står Niels Randulf som Commander Sergiant. Han var 23 år og hadde vore i teneste i 6 år, alle ved det nasjonale regimentet.
- ↑ Her er de nye gradene, Forsvaret
- ↑ Implementerings- og milepælsplan - Ordning for militært tilsatte, Forsvaret 7. oktober 2015
Kjelder og litteratur
- Christophersen, Bjørn 1978: Forsvarets gamle underoffisersstand. Dens innsats på sivile felter. Forsvarets krigshistoriske avdeling og Gyldendal forlag. Oslo.
- Odlaug, Gustav 1928: «Underofficerene», i Norsk militært tidsskrift s. 153-184.