Museumsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Tokke%2C_Museumsvegen-1.jpg&width=400)
Parti fra Museumsvegen i Eidsborg med husestaden til ein av Vindlaus-gardane.
Foto: Roy Olsen (2021).
Museumsvegen i Tokke kommune går vestover frå Eidsborgvegen ved Eidsborg stavkyrkje i grenda Eidsborg. Vegen deler seg i to greiner. Ein går til garden Tveiten (gnr. 37/1), den andre til Espeli (gnr. 38/1). Han er alt i alt 2,8 kilometer lang.
Vegen har namn etter Vest-Telemark Museum som er nr. 9.
Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 og er ei stifting og eit regionsmuseum for kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal og Nissedal. Museumsavdelinga i Eidsborg byggjer på to opprinnelege gardsanlegg fra 1700-talet. Den gamle garden Vindlaus er bygd ut til eit mangfaldig friluftsmuseum. Her står landets eldste profane trebygning, Vindlausloftet, fra ca. år 1167.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no