Sjøholt Hotell
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=3763_Sj%C3%B8holt_Hotell.jpg&width=400)
Sjøholt Hotell.
Foto: Olve Utne (2008).
![](/thumb.php?f=Sj%C3%B8holt_gate_Hotell_Sj%C3%B8holt_til_h%C3%B8yre_-_NB_MS_G4_0046.jpg&width=400)
Motiv frå Sjøholt, med det nye hotellet til høgre i bildet.
Foto: Marthinius Skøien (omkr. 1901–1910).
Sjøholt Hotell ligg i tettstaden Sjøholt, Ørskog i Ålesund kommune. Hotellet vart åpna i 1887. I 1855 utlyste Romsdals amt ei «bevertningsbevilling» for Ørskog, men først 32 år seinare kunne hotellet åpne. Hotellet brann ned i 1900, og nybygget som står i dag, var klart i 1901.
Dagens hotell er ein bygning i sveitserstil på tre og ein halv etasje. Bygningen er freda av Riksantikvaren. Det har vorte gjennomført omfattande restaurering, finansiert mellom anna av Norsk kulturminnefond.
Kjelder
- Raga Rockers-keyboardist vil pusse opp hotell frå 1901 på nrk.no (publ. 2013-05-02, lest 2014-06-06)
- Synfaring av Sjøholt hotell i Ørskog kommune, Møre og Romsdal på Norsk kulturminnefond sin nettside
- Sjøholt Hotell på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no