Vika krins (Jølster)
Vika krins (også skreve Viken krins) var ein skulekrins i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Krinsa dukkar opp i kjeldematerialet frå 1876[1], men kan ha vore i drift tidligare. I 1881 blei Fyglastrand krins slått saman med Vika.
Undervisninga i krinsa var fram til 1884 halde i private husstandar på forskjellige plasser. Hovudsakeleg var dette i: Vika, Fygla, Fyglabakken og Kjøsnes. Men då skulehuset i Vika vart bygt i 1884, blei all framtidig undervisning i krinsa avhalde i det nye skulebygget.
I 1890/1891 blei Skrede skulekrins slått saman og underlagt med Vika krins.
I 1951 blei det drøfta om skulekrinsane; Vika, Klakegg, Veiteberg og Heggheim skulle slås samen til ein sentralskule på Skei. Dette forslaget blei etter kvart vedteke, og då den nye skulen på Skei var opna i 1960, så blei skulekrinsa i Vika nedlagt og barna overført til den nye sentralskulen.
Skulehus
Det fyrste skulehuset blei bygt i 1884. Før dette var det omgangsskule, mellom anna i Vika, Fygla, Fyglabakken og Kjøsnes.[1] I 1916 vart det vedteke å leggje inn elektrisitet i bygget. Skulehuset var i drift fram til 1928, då eit nytt skulehus vart bygt i Vika. Dette skulehuset var i bruk fram til 1960.
Skuledagen
Skulestyret vedtok i 1911 einstemig ønske om at skulen skulle ha undervising på landsmål.
Skulen var tredelt fram til 1919, då det vert vedteke av herredsstyret å gjere skulen todelt. Andre og tredje klasse vert derfor slege saman dette året.
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Olsen Viken | Ole | 1848 | Vika | 1866 | 1907 | Balestrand | Døde i 1926 |
Heggheim | Sigurd | 1881 | Vika | 1907 | 1940 | Volda | Døde i 1940 |
Huslid | Olav | 1889 | Vika | 1940 | 1960 | Volda | Døde i 1984 |
Anders | Viken | 1898 | Vika | 1930 | 1960 | Volda | Han var også spelemann og komponist |
Foto
Fotnotar
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Firda Folkeblad: 07.01.1985
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Digitale kjelder
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Anders Viken - nyskapar i folkemusikken
- Allkunne - Skular i Jølster
Ikkje-prenta kjelder
- Dagbok for Viken skulekrins 1901 - 1930. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Viken skulekrins 1930 - 1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Viken skulekrins, Skrede skulekrins og Klakegg skulekrins 1876-1903. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1903 - 1948. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1923 - 1937
- Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1937 - 1940
- Karakterprotokoll for Viken skulekrins 1929 - 1940
- Hovudbok for Viken skule og Skei skule, 1948-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Møtebok for Viken skulekrins 1901 - 1930
- Møtebok for Viken skulekrins 1925 - 1960. D i g ital versjon på Digitalarkivet.no.
- Møtebok for tilsynsutvalet i Viken skulekr'i'n's' og Skrede skulekrins, 1890-1924. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Protokoll over undervisningspliktige born 'f'o'r' Viken skulekrins, 1901-1938. Digital versjon på Digitalarkivet.no.