Aagot Noss

Sideversjon per 2. jul. 2019 kl. 07:23 av Cnyborg (samtale | bidrag) (→‎Oppvekst på Ål)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho.

Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994.
Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum (1994).
Aagot Noss på tenestereise for Norsk Folkemuseum på Juveli gård i Flesberg, Buskerud.
Foto: Åse A. Lange/Norsk Folkemuseum (1971).
Gruppe frå Norsk Folkemuseum på tenestereise ved Bossvatn i Bykle kommune, Aust-Agder. Aagot Noss i midten av båten.
Foto: Unni Fürst/Norsk Folkemuseum (1965).

Oppvekst på Ål

Foreldra til Aagot var Ola Gunnarson Holto Noss (1892-1956) og Ågot Olsdotter Ruud Noss (1890-1924). Ola fekk skøyte på garden Gunhildgard Nos på Ål i 1915 og gifte seg med Ågot året etter. Ho døydde i barsel etter å ha fødd Aagot i 1924. Faren vart då aleine med henne og dei tre systrene hennar på fem, seks og sju år, og fekk i tillegg ein son med tenestejenta Haldis Tveito i 1926. Aagot og ei av systrene vaks opp hjå besteforeldra, Kari og Ola T. Ruud, i Dengerud, der mora kom frå. Besteforeldra var ressurssterke og opptekne av at jentene skulle få god utdanning. Gommo Kari meinte det var viktig for å kunne stå på eigne bein. Goffa Ola hadde gått underoffiserskulen og står i folketellingane ført opp som fanejunker. I tillegg til å vere gardbrukar var han mellom anna bankdirektør og kommunekasserar.

Konservator ved Norsk Folkemuseum

Aagot Noss tok embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1955 med hovudfag i norsk og med engelsk, historie og pedagogikk som støttefag. Året etter byrja ho som stipendiat ved drakt- og tekstilavdelinga på Norsk Folkemuseum. I 1961 vart ho konservator same stad, frå 1972 fyrstekonservator, med ansvaret for folkedrakt- og draktsølvsamlinga. Ho arbeidde på museet til ho gjekk av med pensjon i 1994.

Norsk Folkemuseum hadde i 1955 sett opp «En plan for studiet av norske folkedrakter». Målet var å kartleggje folkedraktskikkane i heile landet, og det vart bestemt at ein skulle prioritere feltarbeid og innsamling frå munnlege kjelder i område der det enno fanst ein levande tradisjon. Prøveprosjektet vart øvre Hallingdal, og Aagot Noss gjekk i 1956 i gang med å kartleggje heimkommunen Ål og nabokommunen Hol, som tidlegare hadde vore ein, og som hadde eins draktskikk. Kvinner fødde før 1900 brukte på denne tida framleis dås (svart stakk, i Hol kalla døs) og stakk som einaste klededrakt.

Feltarbeid og systematisering

Prosjektet til Folkemuseet skulle vare i mange år og vart i stor grad utført av ei kvinne. Etter startskotet i øvre Hallingdal drog Noss på 1960- og 70-talet, og sporadisk på 1980-talet, gjerne på feltarbeid om sumrane, medan ho om vintrane systematiserte det innsamla materialet. Ho gjorde omfattande reiser i øvre Telemark, indre Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Trøndelag og Møre og Romsdal vitja ho også, men nord for Trondheimsfjorden var ho ikkje. Til det strekte ikkje tida til.

Noss reiste oftast åleine rundt om i bygdene, gjerne på ein gamal sykkel og i høvelege klede. Ho snakka halling og skreiv nynorsk og fekk god kontakt med informantane sine. Om ho hadde med yngre kollegaer, innprenta ho dei at det var intervjuobjekta som var hovudpersonane, ikkje dei sjølve. Dei var der for å sjå, lytte og lære.

Gjennom åra registrerte Noss mange tusen plagg og intervjua hundrevis av informantar. Berre under feltarbeidet i Ål og Hol vitja ho omkring 170 personar og fotograferte ca 3500 plagg, i tillegg til påkledning og arbeidsteknikkar. I feltarbeida kartla ho kven, kvar, når og korleis folkedraktene hadde vore brukte i ulike aldrar og ved ulike høve, av informantane sjølve og av foreldra, besteforeldra og andre. Ved å kombinere svara frå nyare tid med arkiv- og museumsstudium frå den eldste tida, fann ho fram til kva trekk som hadde halde seg og endra seg gjennom hundreåra.

”Frå folkedrakt til bunad”

Med språkfag i fagkrinsen vart ho kan hende ekstra medveten om å også samle inn lokale ord og uttrykk knytte til drakter og draktarbeid. Ho har dessutan presisert og avklart mange fagterminologiske omgrep. I artikkelen Frå folkedrakt til bunad frå 1974 etablerte ho eit skilje mellom gamle folkedrakter og nyare rekonstruerte bunader, som har gått naturleg inn i seinare draktforsking. Bunaden som omgrep og fenomen kom med norskdomsrørsla på slutten av 1800-tallet, omtrent på same tid som drakttradisjonane var i ferd med å døy ut. Han bygde på den varianten av folkedrakta som vart brukt i kyrkja og til fest, og stivna mange stader både i form og bruk. Folkedraktene derimot vart også brukt til kvardags og i mange ulike former. Dei endra seg i takt med lokalsamfunna dei var ein del av og tok også til seg impulsar utanfrå.

Då ho starta feltarbeidet, fann Noss det vanskeleg å forstå at dei unge jentene valde å kjøpe seg bunad i husflidsbutikkar, all den tid dei eldre kvinnene framleis var del av ein levande drakttradisjon og både kunne fungere som tilverkarar og læremeistrar. Det var òg ei gåte for ho at Hulda Garborg kunne påverke jamvel dei eldre kvinnene til dømes på Ål og i Hol, til så raskt å bytte ut dei tradisjonelle hovudplagga, med sine mange bruksområde, med den eine broderte bunadslua. Det ho kallar matchesyndromet i bunadsmoten, var ukjent for dei gamle. Det fanst uskrivne reglar for tilverkarane, men dei hadde stor fridom både med omsyn til materiale, form, pynt og utforming. Alt måtte heller ikkje vere handlaga. Folk kjøpte det dei syntest var fint og som dei hadde råd til.

Noss var fast medlem av Landsnemnda for bunadsspørsmål frå 1967. Ho var òg sentral i Bunad- og folkedraktrådet, som ho var med på å omorganisere i 1986. Ho såg som si oppgåve å fortelje folk historia utan å ta stilling for eller i mot det eine eller det andre, for ”(...) det er ingen forskar gitt å kunne seia korleis ei drakt bør vera, berre korleis ho er eller har vore.” I eit intervju med Norsk husflid i samband med 90-årsdagen i 2014, kunne Noss fortelje at den bunaden ho sjølv fekk til konfirmasjonen knapt har vore brukt. Dessutan at ho aldri hadde drive med nokon form for handarbeid, av di ho ikkje har praktiske anlegg.

Internasjonal orientering

Også i utlandet var Noss høgt respektert og inspirerte museumsarbeidarar i mange land. I forskinga si var ho internasjonalt orientert og skreiv fleire artiklar i utanlandske tidsskrift. Ho heldt òg foredrag på konferansar både i USA, Canada, Europa og Asia. Dessutan arbeidde ho aktivt for å føre attende gjenstandar frå utlandet til Norsk Folkemuseum og andre museum. I Amerika hjelpte ho dei norskamerikanske musea med å identifisere og registrere klede som hadde vore brukte av utvandrarane.

Publikasjonar

Fleire av bøkene som Noss skreiv, fell inn i to bolkar. På 1970-talet arbeidde ho med serien Norske folkedrakter, der ho tok for seg draktakvarellane, målarstykka og teikningane til Johannes Flintoe, Joachim Frich og Adolph Tidemand og skulpturane i Nordmandsdalen i Danmark, laga av Johan Gottfried Grund etter figurar av nesningen Jørgen Christensen Garnaas. Noss gjekk gjennom reiseruter og studerte kjelder for å kartleggja kven kunstnarane hadde brukt som modellar på ulike stader og til ulike tider.

Frå 1990-talet, rett før og etter at ho vart pensjonist, ga ho ut fleire praktverk frå ulike delar av landet, der ho presenterte kjeldematerialet ho hadde samla inn gjennom tre tiår i samband med draktprosjektet ved Norsk Folkemuseum. Ho skreiv også om folkedraktene som utvandrarane til Amerika tok med seg.

Noss skreiv opp gjennom åra talrike artiklar både i årboka til Norsk folkemuseum, By og Bygd, og i andre årbøker og tidsskrift. Ho ga også ut ei rekkje utstillingskatalogar og hatt ansvar for fleire opplysingsfilmar i regi av Norsk Folkemuseum og Statens Filmsentral. Filmane dokumenterer utdøyande og utdøydde arbeidsteknikkar, og ho har kalla dei ei form for nekrologar.

Somme har kritisert Noss for å ikkje trekke konklusjonar i arbeida sine. Sjølv hevdar ho at det var med vilje. Målet hennar var å gi ettertida eit solid kjeldemateriale å forske vidare i. Ho ville ikkje vinkle stoffet, men overlate til folk å tenke sjølv.

Sjå oversyn over Aagot Noss sine publikasjonar.

Prisar

  • 1986: Riddar av 1. klasse av Kungliga Gustav Adolf Akademiens pris
  • 1994: Kongens fortenestemedalje i gull
  • 1994: Buskerud fylkes kulturpris
  • 2002: Riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
  • 2005: Æresmedlem av Norsk Folkemuseum
  • 2009: Sørlandets Kompetansefonds populærvitskaplege pris i for boka Stakkeklede i Setesdal. Byklaren og valldølen

Kjelder

  • Bye, Anne Eriksdatter: Aagot Noss. En reisende i norske folkedrakter. I: Bunad nr. 1/2004. Nettversjon.
  • Krøvel-Velle, Sigmund: Bok om Aagot Noss. I: Hallingdølen, 21. mars 2015.
  • Longvik, Anne: Aagot Noss. Nekrolog i Aftenposten 9. april 2015.
  • Morgenstierne, Syphilia: Norsk folkedrakthistories ubestridte herskerinne, Aagot Noss, er 90 år i år. I: Norsk Husflid nr. 5/2014. Nettversjon.
  • Noss, Aagot: Nærbilete av ein draktskikk. Frå dåsaklede til bunad. 1992.
  • Noss, Aagot: Lad og krone. Frå jente til brur. 1991.
  • Pedersen, Kari-Anne: Bunad og folkedrakt. Beltestakk før og nå. Oslo : Teknologisk forl., 1998 NBN:no-nb_digibok_2010071903010.
  • Rage, Knut: Aagot Noss i Allkunne.
  • Warberg, Thor: Aal bygdesoge. Slektssoga. B8 (løpenr 6146) og B6 (løpenr 4855).

Eksterne lenkjer

  • Bunadsying i Setesdal, dokumentar spela inn i Bykle i 1971. Gunhild Lyngtveit (1902–1995) syner korleis ho broderer og monterer manns- og kvinnebunader. Manus ved Ågot Noss. Digital versjonNettbiblioteket.