Flora kommune
Flora kommune ligg i Sogn og Fjordane, og grensar til Bremanger i nord, Gloppen og Naustdal i aust og Askvoll i sør. Kommunen var oppretta i 1964, då ladestaden Florø vart samanslegen med Kinn og Eikefjord kommunar, størstedelen av Bru kommune og mindre delar av Bremanger og Vevring kommunar. I samband med Kommunereforma 2014-2018 har kommunane Vågsøy og Flora vedteke å slå seg saman til nye Kinn kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.
Flora kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1401 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Florø |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1964 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Flora er ein industrikommune, med mykje av verksemda lagt til Florø. Aker Solutions, Skaarfish, Cermaq og oljerelatert industri knytta til Fjord Base er bland dei største aktørane. I ytre strøk finn ein jordbruk og fiske drive i kombinasjon. Det er stor eksport av laks, sild og makrell, foredling av laks og produksjon av fiskefôr i kommunen.
Ytterøyane fyrstasjon ligg i kommunen. Kinn kystlag vart etablert i 2005.
Kjelder
- Flora kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- Flora kommune på Wikipedia på nynorsk