Agria 1300 R m ILO 5 HK 2T-motor 1954-mod Motorslåmaskina sitt inntog i norsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og heste slåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet. Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for køyrekarane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskare fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar meir enn ved normal slått. Fingrane og skuldrane visnar bort grunna risting i styrehandtaka. Det var ikkje uvanleg at slåttekarane måtte matast ved bordet etter ein lang dag på slåttetegen. Dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger. Les mer …
Kystlaget Romsa som vart stifta i 1999, har tatt namn etter ei fråflytta øygruppe i tidlegare Ølen kommune (no Vindafjord kommune). På første del av 1900-talet var der eit aktivt samfunn på øyane med bortimot 80 fastbuande på det meste. Rundt 1960 var det slutt, og sistemann flytta til fastlandet. No er øyane offentleg friluftsområde, men minnene står att og overalt finn ein spor etter fiskarbondekulturen der åkerlappen saman med sjøbruket gav utkome i det daglege. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Les mer …
Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og held til i tidlegare Fjell kommune ved Bergen. Kystlaget har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei om lag 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus. Les mer …
Kystlaget Salta er lokallag av Forbundet KYSTEN og ble stiftet i 1989. Kystlaget holder til i Bodø i Salten i Nordland og har ved slutten av 2015 ca. 240 medlemmer. De arbeider med å ta vare på gamle båter og andre deler av kystkulturen i Salten. En viktig del av virksomheten er å bruke båtene for oppleve «på kroppen» hvordan livet langs kysten har vært i tidligere tider.
Kystlaget Salta har stor aktivitet som strekker seg fra å ta vare på ulike typer båter, restaurere hus og brygger og drive kafe og båtturer.
Salta gir ut eget medlemsblad som de kaller Ausekaret. Bladet kommer ut 2-3 ganger i året. Les mer …
|