Veiholmen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Veiholmen er eit tettbygd område i Smøla kommune på Nordmøre. Det er tre grender som har vakse saman: Været, som er det opphavlege fiskeværet på staden, Inner-Innveien og Ytter-Innveien. Tidlegare var Veiholmen eitt av dei største fiskeværa sør for Lofoten, men det er no berre nokre få sjarkar att.
Fyrste leddet i namnet kjem truleg frå et eldre øynamn, Veig, frå norrønt veig, 'sterk drikk'. Namnet vart forvanska til Veidholmen, men Veiholmen er no einaste godkjende form.
Veiholmen har vegsamband til øya Smøla med kommunens administrasjonssenter Hopen over bruer og fyllingar mellom øyer og holmar.
Bildegalleri
Kjelder
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Veiholmen i Store norske leksikon