Ål kommune
Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke (før 1. januar 2020 i Buskerud). Kommunen er frå 1838 og grensar mot Viken-kommunane Hemsedal i nord, Nore og Uvdal i sør, Nesbyen i søraust, Hol i vest og Gol i aust. I tillegg grensar Ål i nordvest mot Lærdal kommune i Vestland fylke. Namnet kjem truleg av norrønt áll, 'stripe, smal renne', og siktar til at bygda ligg i ein trong elvedal.
Ål | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3043 |
Fylke | Viken |
Kommunesenter | Ål |
Areal | 1174.93 km² |
Areal land | 1084.12 km² |
Areal vann | 90.81 km² |
Folketall | 4 626 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Fradeling(er) | 36,65 % i 1877 til Hol kommune |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Ål kommune har vorti delt ein gong, nemleg i 1877, då Hol kommune vart utskilt. Ved delinga fekk Hol kommune 2184 innbyggjarar, mens den attverande Ål kommune hadde 3753 innbyggjarar. Sidan har kommunegrensene vori dei same, med unntak av at det folketomme området Hjallestølen vart overført frå Ål til Hemsedal kommune i 1979.
Kommunen er med i regionrådet Hallingdal regionråd sammen med Flå, Gol, Hemsedal, Hol og Nesbyen.
Torpo stavkyrkje er det eldste ståande bygget i Hallingdal, og er truleg frå sluten av 1100-talet. Den har rike takdekorasjonar frå 1200-talet. Båe Torpo og Ål fekk nye kyrkjer i 1880, båe er trekyrkjer.
Ål bygdemuseum i Øvre Ål med i alt 33 hus har blant anna det intakte tunet på Leksvoll med mellom anna ein tingstue, likeeins eit par våningshus frå 1600-talet.
Mot slutten av 1800-tallet hørte Ål til Ringerike og Hallingdal fogderi i Buskerud amt.
Vassdraga er sterkt utnytta til kraftføremål, men kommuna har få kraftstasjoner innan sine grenser. Ål er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 936 gigawattimer (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen.
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
|