Åsland skule

Åsland skulehus har mykje til felles med andre skular i Fyresdals-distriktet. Fyresdal har eit vidt spekter av skulehus. Ein type der tømmerkassa er dela inn i eit stort rom (skulestove), og eit mindre rom som igjen vart dela i to slik at ein fekk ein gang inne i huset og eit rom for læraren. Av desse har ein gamle Hegglandsgrend 1863, Kleivgrend 1867, Valebjørg 1867 og gamle Åsland 1863. Dette er i samsvar med typeteikning av Binneballe henta frå Departementets typeteikningar.

Åsland gamle skule
Åsland skulehus. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2007)
Åsland skulehus (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2007}

Åsland gamle skule

Åsland gamle skulehus var bygd 1863, vart rive 1926 og nytta til anna bruk. Uthusbygning. Ny skulehustomt like ved.

Åsland nye skule

Åsland noverande skulehus er bygd 1926. Den blei nedlagd som skule i 1950 og er i 2011 grendehus.

Utforminga av skulane er avhengig av perioden dei vart bygd. Medan det ei tid var vanleg at det var eit langsgåande bislag bygd utanpå tømmerkassa, vart det ved bygginga av Åsland skulehus slik at gangen vart trekt inn att i tømmerkassa slik at det var ein lang gang framom skulestove og rom for lærar. Slik er Åsland bygd i 1926 og Birtedalen i 1922.

På foto frå Åsland ser ein tydeleg denne inndelinga med to rom og med gangen framom.

Åsland skulehus er eit godt fungerande grendehus som etter kvart vil bli pussa meir opp slik at det tilfredstiller krava til eit godt fungerande grendelag.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.