Östersund

Östersund, sørsamisk Staare, er ein by og kommune ved Storsjön i Jamtland. Byen har 53 000 innbyggere (2020) og vart grunnlagt i 1786 som eit forsøk på å monopolisere den frie bondehandelen i Jamtland, inkludert grensehandel over Kjølen til Trøndelag.

Östersund sett frå Frösön.
Foto: Dena Utne

Östersund er residensstad for landshøvdingen i Jämtlands län i Sverige fra 1810 og er eit handels- og servicesenter og administrasjonssenter for länet. Friluftsmuseet Jamtli ligger nord i byen og har ein utstilling som tar for seg historia frå steinalderen til i dag, mellom anna åra 1178 til 1645, da Jemtland var en del av Noreg.

Östersunds kommun har 2220 kvadratkilometer og 64 600 innbyggere (2022) og grensar til Bergs kommun i sørvest, Åre kommun i vest, Krokoms kommun i nordvest, Strömsunds kommun i nordaust, Ragunda kommun i aust og Bräcke kommun i søraust. Kommunen grensar med andre ord til samtlige kommunar i Jämtlands län med unntak av Härjedalens kommun.

Östersunds kommune, eller Staaren tjïelte, har vore del av förvaltningsområdet för samiska språket sidan 1. januar 2010.

Kilder


Koordinater: 63.1792° N 14.6354° Ø