Alfred Rynningen

Alfred Rynningen (født 1950) er konservator på Setesdalsmuseet og lokalhistorisk forfattar. Han er også taksidermist.

Han er son av Åsmund Pålsson Ryningen (1908–1974) og Birgit Olavsdotter Holen (1905–1992). Alfred Ryningen vaks opp på farsgarden Ryningen i Bykle kommune, som den yngste av sju sysken - det skulle ha vore åtte, men eldstebroren Pål døydde berre ni år gammal i ei fallulykke i fjellet i 1941.

I 1985 vart band I og II av gards- og ættesoga Valle utgjeve med Rynningen som forfattar. Band III til VI kom ut i 1987. I kom så kultursoga, band VII og VIII ut, med Rynningen og Leonhard Jansen som forfattarar. Dei to er kolleger på Setesdalsmuseet. Band IX, eit register-, kjelde- og noteband hadde berre Rynningen som forfattar, og kom ut i 1994.

Kjelder