Setesdalsmuseet
Setesdalsmuseet er ein samanslutning av museum i Setesdal i Agder, i kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Agder Folkemusikkarkiv er samlokalisert med Setesdalsmuseet, som har administrasjonen på Rysstad.
Samlingane omfatta per 31. desember 2007 ikring 30 000 gjenstandar, 6400 mineralprøver og tett på 53 000 foto. Dei fleste av samlingane har fokus på den lokale bondekulturen. I hovudutstillinga i Rysstad finn ein fire permanente utstillingar: ei om kraftproduksjon som er ei viktig inntektskjelde for Setesdalskommunane; «So gjekk me kledde i Råbyggjelaget» som viser drakter og kultur i frå Bykle til Iveland og Vegusdal; diktaren Hans Henrik Holm si diktarstoge som ho var i loftsleilegheita i Karl Johans gate i Oslo; og samlinga til Jon O. Løyland og Gyro Løyland. Dagleg leiar for museet er Anna Stella Karlsdottir.
Samlingar
Musea som inngår i Setesdalsmuseet er:
Museum | Kommune | Skildring | |
---|---|---|---|
A - Bygland Museum | Bygland | Friluftsmuseum | |
B - Evje og Hornnes Museum | Evje og Hornnes | Bygdemuseum | |
C - Evjemoen Forsvarsmuseum | Evje og Hornnes | Militærmuseum | |
D - Huldreheimen | Bykle | Bygdetun | |
E - Jernvinnemuseet på Hovden | Bykle | Jernvinneanlegg | |
F - Iveland og Vegusdal Bygdemuseum | Iveland | Bygdemuseum | |
G - Lislestog | Bykle | Morten Henriksens samling, bygnings- og gjenstandssamling | |
H - Rygnestadtunet | Valle | Gardstun | |
I - Setesdalsmuseet | Valle | Hovedmuseet med administrasjon | |
K - Tveitetunet | Valle | Gardstun |
I tillegg til dei ni musea forvalter museet óg andre kulturminne i dei fem kommunane.
Eksterne lenkjer
- Setesdalsmuseet
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Setesdalsmuseet på Digitalt museum.
- Setesdalsmuseet på KulturNav
Koordinater: 59.094900° N 7.527194° Ø