Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Nordstog Glidbjørg i slåtten ein gong i 1970-åra. Bilete frå Marie Glidbjørg.

Glidbjørg (Nordstog Glidbjørg) ligg vestom Otra og heilt i nordenden av det gamle stavenesgardsvaldet i Bykle kommune. Såleis er det vel enklast å seia at han ligg mellom Berdalen og Stavenes. Mot nord deildar eigedomen mot Berdalen, mot vest går han til Otra, mot sør og søraust til Glidbjørgåi, men likevel slik at ein teig på sørsida av elva høyrer Glidbjørg til. Etter jaktkartet skal det samla gardsvaldet vera på 12 489 mål, men dette er dela på fleire bruk, og den nærare fordelinga dei imellom har me ikkje funne skikkelege oppgåver om.

Når me ovanfor har sett bruksnamnet Nordstog i parentes, er det avdi dette namnet har vore nytta om det opphavlege bruket etter at Systog vart utkløyvd i 1920.

Gardsnamnet har etter Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne 11, 214) samanheng med det gamalnorske verbet glitra, som han legg ut som «glimre, glindse, skinne». Tydinga skulle då verta «Det glitrande berget», noko som passar godt, ettersom det ovanfor garden ligg eit noko høgt berg som vert kalla Glitretind. Når dette berget er vått, og får solskin på seg, glitrar det i det, og det kan snautt vera større tvil om at dette er opphavet til gardsnamnet.   Les mer …

Hisdal med Haugen til høgre. Bilete frå Agderposten ein sumardag i 1990-åra, hit frå Geir Kallhovd, Kristiansand.

Der uppe ligg tun i tun med Store-Hisdal, bnr 2, på høgre sida når ein kjem inn i Hisdal. Det ligg litt høgre i terrenget, og har difor vore omtala som Hisdal Der uppe. Sume kjelder kallar det likevel Haugen, men det er vrangt å få til at det ligg på ein haug, og Hisdal-ætlingar meiner at Haugen-namnet kom hit med dei som budde her frå 1930 og frametter. Difor held me fast på Der uppe som bruksnamn.

Ved det leitet då Sigurd Knutsson heldt til på bnr 2, budde au Olav Ånundsson i Hisdal. Me vil helst rekne med at han budde på dette bruket, men det er vel også tenkjeleg at han ha vore sambrukar med Sigurd, og halde til i same stoga som han.

Etter tida og namnet ville det høve godt om Olav var son åt Ånund Alvsson på bnr 3 i Mosdøl, står det i Vallesoga (VI, 124). Ettersom Olav vart oppskriven med etternamn Mosdøl då han gifte seg i 1754, og han og kona budde der, og det også er godt rom for at Ånund Mosdøl kan ha fått ein son kring 1724, vil me oppfatte denne løysinga som sannsynleg.   Les mer …

Optestøyl 24.1.2006. Huset lengst til høgre er stoga etter Ånund K. Skarberg.
Foto: Aanund Olsnes

Optestøyl, også kalla Utigard, ligg lengst i sør i Trydal, sunnanfor Grasbrokke og Svingen, og langt ned imot Bjørnarå. Frå gamalt var det visseleg nytta som støyl for Systog, og dermed lyt me tru at her låg vel til rette for bureising.

Åsmund Olavsson Trydal frå Systog sette i gang med nybygg på denne staden i 1921, då han fekk skøyte av Tarjei, eldstebror sin. Nå veit me at han gifte seg i 1919, og kunne då fort tenkje at den røynlege overdraginga må ha funne stad eit par år fyre papirarbeidet og tinglysinga. Men då Åsmund gifte seg vart han notert i kyrkjeboka som «tømmermann» , same tittelen fekk han då eldste dottera vart døypt i 1920, men frå 1921 og frametter vert han kalla «sjølveigar og småbrukar», så då hadde det funne stad eit statusskifte.

Eit anna omskifte som skal noterast, er at bruket ved tinglysinga i 1921 vart kalla Utigard, men til dagleg vert det omtala som Optestøyl.   Les mer …

Støylo 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Støylo i Bykle kommune har tunet sitt oppi bakkane vestom Strandestøyl og nordom Storstein. Eigedomen vart formelt utskilt frå Systog Trydal så seint som i 1919, då Tarjei Olsson Trydal skreiv skøyte til den yngre broren Ånund, men bruket var etablert som plass ei god tid fyre dette.

Dei fyrste me veit om budde her er oppskrivne i 1865-folketeljinga som fylgjer:

Thoræ Olsdatter Pige med Plads ug 52
Berget Olsdatter do ug 47
Aldersoppgåvene i folketeljinga tykkjest så rette som ein kan vente, ettersom Tore var fødd 1814 og Birgit i 1820. Ugifte jenter med sin eigen husmannsplass var ikkje særleg vanlege, korkje i Bykle eller andre stader, men når ein finn døme på det, kan ein vera tolleg sikker på at det dreiar seg om gardmannsdøtrer som, heller enn å verta gåande som tenestejenter for bror sin, har fått seg plass som erveoppgjer. Såleis også her: Tore og Birgit var døtrene av Olav Tarjeisson i Systog og kona, Eli Åsmundsdtr.. Då foreldra utpå 1840-talet overlet bruket sitt til eldstesonen og sjølve tok foddog, fekk dei to ugifte døtrene bygsle Støylo på livetida.   Les mer …

Vang 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Vang i Bykle ligg i breidd med Berg på motsett side av vegen. Eigedomen vart utskilt frå bnr 11 i 1926, samstundes med Berg.

Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, og kauparen var Knut J. Breive. Knut var oppvaksen i Breive Der inne. Mora var Margit Torbjørnsdotter Breive, faren heitte Jon Sigvaldsson Vå.

  • Knut Jonsson Breive, f 1889, d 1968
g 1924 m Margit Jonsdotter Byklum, f 1904, d 1988. Born:
  • Alv, f 1924, g m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Åse, f 1926, busett Kristiansand, ug., d 1990
  • Margit, f 1929, g m Per Bolager, Sauherad, busett Kristiansand
Margit Jonsdotter var frå Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Foreldra hennes var Jon Knutsson Nesland på det bruket og kona, Åse Arnesdotter, fødd Byklum.   Les mer …

Hovdeplassen 1963.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Hovdeplassen, også kalla Hovden Austigard og truleg Der uppe, er bruksnummer 8 på Hovden i Bykle kommune. Når ein køyrer vestetter mot Breive frå Hovden sentrum, er dette bruket det fyrste ein kjem til. Det vart matrikulert som eiga eining så seint som i 1937, men då hadde det funnist til i bortimot 100 år.

I den gamle gards- og ættesoga (201f) les me at Bjørgulv Jonsson var den fyrste kjende oppsitjaren her, medan Sigbjørn Knutsson Breive sat på eit fjerde Hovden-bruk, som heitte Der

uppe. Nå veit me at Bjørgulv budde i Der sø, men det er rett at Sigbjørn hadde Der uppe. Men ettersom me aldri har sett meir enn tre gardsbruk i senn på Hovden, vil me meine at det her må vera tale om eit namnebyte. Med andre ord meiner me at det må ha vore dette bruket som til å byrje med vart kalla Der Uppe. På den tid då det fekk namnet sitt hadde det tunet sitt oppe i jordet på Der nor, og samstundes gjekk dei over til å kalle det som hadde vore Der nor for Der nede. Dette må ha vore ein gong på 1840-talet.   Les mer …
 
Sjå også:
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Andre artiklar