Anders Trøan

Anders Embretsen Trøan (fødd i Os i Østerdalen 14. november 1812, død i Christiania 28. oktober 1872) var lærar og aktiv i den skulepolitiske debatten rundt midten av 1800-talet.

Han var fødd og oppvaksen på garden Trøan i Dalsbygda i Os. Foreldra var Embret Estensen Trøan (1775-1860) og Berit Solandsdotter (1783-1836) fødd på Nirstun Østgarden, også i Dalsbygda.[1]

Anders var den tredje i ein syskenflokk på sju. Han var dotterson av Soland Jonsen Østgaard, nevø av Michael Østgaard og fetter til Nikolai Ramm Østgaard. Av syskena er særleg Esten (fødd 1809) og Mikkel (fødd 1817) kjende.

Anders Trøan gifta seg i 1849 med Maren Helene Berentsen, men vart enkjemann allereie året etter. Deretter vart han gift med Emine Jensine Arneberg (1833-1861).

Trøan byrja tidleg som omgangsskulelærar i heimbygda, og vart deretter fastlærar i Tolga. Han fekk lærarutdanning ved Asker seminar 1840-1842, der han tok eksamen med utmerking.

Nå vart han fyrst ei tid lærar ved Stiftelsen Christian Augusts Minde (Mangelsgården, i nåverande Storgata i Oslo, ein skule for «forsømte Børn».) Frå nyttår 1844 vart han lærar og inspektør ved Eugenias Stiftelse i Christiania, som var ein «Opdragelses- og Undervisningsanstalt for fattige Pigebørn af Borger- og Almueklassen». Trøan slutta der i 1858, og arbeidde sidan som broren Mikkel som lærar ved Christiania Almueskoler.

Han var ven og forbundsfelle med Ole Vig, og skreiv ein del i hans blad Den norske Folkeskole.

Både Anders og broren Mikkel vanka truleg i foreininga Tollekniven, der dei mellom andre var i hop med fetteren Nikolai Ramm Østgaard og kanskje også Aasmund Olavsson Vinje, som han kan ha kjent frå Asker seminar.

Referansar

  1. Anders Embretsen i Ministerialbok for Tolga prestegjeld 1786-1814 fra Digitalarkivet. Moras navn er her Marit Solandsdatter.


Kjelder og litteratur

  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os. Bygda og folket. Bind I. Os kommune 1999.
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880. Av J.B.Halvorsen, fullført av Halvdan Koht. 5. bind.
  • Røst, Olaf: Minder fra Hjembygden. Kristiania 1883.

Eksterne lenkjer