Anne Sjøvik

Anne Sjøvik (fødd 1865 i Sør-Odal, død 1933). Foreldra hennar var gardbrukar Amund Gudbrandsen Toner (1819–1881) og Berte Amundsdotter Jerstad (1823–1882). Ho voks opp på garden Sjøviken i Slåstad i Sør-Odal som den nest yngste i ein søskenflokk på ti.

I 1887–88 gjekk ho på Askov folkehøgskule i Danmark. Ho var òg ei tid i USA. Etter å ha budd i Oslo ein del år flytte ho heim til Sør-Odal. Ho var ugift.

I folketeljinga 1910 står «Kjolesøm» som yrke, og ho budde i Løkkeveien 13 på Ruseløkka.[1]

Referansar

  1. Anne Sjøvik i folketeljinga 1910 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!