Belglii 51 (Bykle)

Belglii 51 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dei som bur her bygde huset sitt i 1993.

Belglii 51
Utskilt: 1993
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 538
Type: Bustadseigedom

Jan Einar Sletten, f 1952

g m Kirsten Leira, f 1962. Born:
  • Vetle, f 1999

Jan kom til Hovden i 1990. Han er frå Glomfjord, og son åt Einar og Klara Sletten. Kirsten flutte til bygda i 1989. Ho er frå Fredrikstad, og dotter åt Astrid og Eiler Leira. I yrkeslivet arbeider Kirsten med turistinformasjon i Hovden Turist, medan Jan driv firmaet Hovden Hytteformidling.

Kristen Leira
Foto: Setesdølen
Kirsten Leira og Unn Hovden var med og fronta reiselivet på Hovden under OL på Lillehammer, der setesdølane stilte med eige tun. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Foto: Leonhard Jansen


0941 Bykle komm.png Belglii 51 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 47-49 • Neste bolk: Belglii 53-55

Koordinater: 59.55913° N 7.36433° Ø