Bremanger kommune
Bremanger kommune ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og grensar til Kinn (tidlegare Vågsøy) og Stad (tidlegare Eid) i nord, Gloppen i aust og Kinn (tidlegare Flora) i sør. Kommunen ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord.
Bremanger kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4648 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Svelgen |
Areal | 832.28 km² |
Areal land | 786.59 km² |
Areal vatn | 45.69 km² |
Folketal | 3 767 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Samanslåing(ar) | 1965: Delar av Davik kommune innlemma |
Frådeling(ar) | 1963: Eit par gardar i sør til Flora |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Kommunen har to tettstader: Administrasjonssenteret Svelgen og Bremanger. Bremanger har ein fastlandsdel og dei tre store øyene Bremangerlandet, Rugsundøy og Frøya.
Bremanger er ein industrikommune, med Elkem Bremanger i Svelgen som hjørnesteinsverksemd. Det finst òg ein del næringsmiddel- og trevareindustri. Langs Nordfjord er det ein del landbruk, dominert av husdyrhald.
Kjelder
- Bremanger kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- Bremanger på Wikipedia på bokmål og riksmål
Sjå også
|