Brunes (Fedje gnr 169 bnr 44)
Brunes er ein tidlegare husmannsplass, seinare småbruk, i Fedje kommune.
Brunes | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 44 |
Adresse: | Kremmarholmen 2 |
1. Magdeli Karlsd f. 1860 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1b) d. 1948 g. 1884 m. Bård Eliassen f. 1863 Budalen, Austrheim d. 1932 (son av Elias Knutsen f. 1827 d. 1903 og Siri Amundsd f. 1829 d. 1914, jf Austrheimb. II s 129). Dei var plassfolk utan jord under Kremmarholmen gnr 169 bnr 1, og sette opp sitt eige hus her i 1890-åra. Den eldste stova vart flytta frå Kopper gnr 169 bnr 37, der søster til Magdeli budde. Tidlegare budde dei som innerstar hjå Bernt i Kleiva (Sulo gnr 169 bnr 57-2). Bård var fiskar, medan Magdeli dreiv med klippfisktørking og ullspinning for andre ved sida av husstellet.
Born: a. Olai Bertin Bårdsen f. 1884 d. 1944, neste brukar (2). b. Bertina Bårdsd f. 1886 g. 1912 m. em. Henrik Andersen Færøy f. 1872 Solund, sjå Træsneset (gnr 171 bnr 1-3). c. Elisa Severina Bårdsd f. 1889 d. 1908 (tub.). d. Johanne Katrine Bårdsd f. 1892 d. 1971 g. 1916 Bergen m. Simon Martin Sefaniassen Laneskog f. 1879 Dverberg, Andøy i Nordland d. 1937, bygningssnikkar, bustad Bergen. e. Anders Bårdsen f. 1895 d. 5 veker gl. f. Herman Andreas Bårdsen f. 1896 d. 1972 g. 1921 m. Elisa Olsd f. 1895 Hella, Radøy d. 1964, budde i Sulo gnr 169 bnr 45-1. g. Birger Martin Bårdsen f. 1899 d. 1951 g. 1922 m. Petra Rasmusd f. 1897 Sylta, Radøy d. 1937, budde i Sulo gnr 169 bnr 35-1.
2. Olai Bårdsen f. 1884 på denne plassen (1a) d. 1944, fiskar, g. 1911 m. Bertina Bertelsd f. 1882 Børhaugen (gnr 168 bnr 137-1d) d. 1952. Olai sette opp kai og naust på tomt Kremmarholmen gnr 169 bnr 33, sjå der. Bertina fekk skøyte i 1946 på tomta her med huset, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 same året.
Born: a. Bjarne Martin Bårdsen f. 1912 d. 1994 g. 1951 m. Borghild Dale f. 1916 Kårbø, Meland d. 2014, bygde i Sulo (gnr 169 bnr 70). b. Bernhard Olai Bårdsen f. 1913 d. 1989 g. 1942 m. Julie Fivelsdal f. 1915 Gulen d. 1991, sjå Sulo gnr 169 bnr 42-1. c. Emma Maria Bårdsen f. 1916 d. 1917. d. Emma Maria Bårdsen f. 1917 d. 1994 g. 1946 m. Malvin Kristensen f. 1907 Kongestølen (gnr 169 bnr 8-1c) d. 1984, budde i Sulo (gnr 169 bnr 39). e. Jenny Bårdsen f. 1919 d. 1920, 3 md gl. f. Olga Bergitta Bårdsen f. 1922 d. 1993, ugift, sjukepleiar, budde i Bergen, fekk skøyte i 1953 på halve eigedomen, ho skøytte den til nr 3 i 1973. g. Jenny Elvina Bårdsen f. 1925 d. 2009, neste eigar (3).
3. Jenny Bårdsen f. 1925 på dette bruket (2g) d. 2009 g. 1949 m. Erik Langøy f. 1915 Austrheim d. 1989 (jf Austrheimb. III s 568, son av Gabriel Eriksen Langøy f. 1884, som var bror til Edvard Langøen, sjå Sulo gnr 169 bnr 34-2e). Skøyte på halve eigedomen i 1953 (sjå nr 2f ovanfor), eineeigarar frå 1973. I 1977 fekk dei skøyte på bnr 46 (sjå gnr 169 bnr 45-1). Erik var fiskar og seinare losbåtførar.
Born: a. Haldis Berta Langøy f. 1950, bankmedarb., g. 1974 m. Harry Larssen f. 1948 Sortland i Vesterålen, elektrikar, bustad Bergen. b. Olai Gabriel Langøy f. 1953, prod.arb. støyperi, g. 1973 m. Ingrid Karin Skjelvik f. 1950 Isdalstø i Lindås, sjukepleiar, bustad Bergen, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune.
4. Silje Sulen Gullaksen f. 1983 Husa (gnr 168 bnr 298-1b), førskulelærar, g. 2011 m. Vidar Magne Nordøy f. 1975 Askøy, maskinist. Skøyte i 2009. Samstundes skøyte på bnr 46 med naust, sjå gnr 169 bnr 45-1. Huset vart renovert i 2010. Garasje vart sett opp i 2020.
Born: a. Gard Gullaksen Nordøy f. 2013. b. Trym Gullaksen Nordøy f. 2016. c. Erle Gullaksen Nordøy f. 2017.
Brunes (Fedje gnr 169 bnr 44) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Einartun (Fedje gnr 169 bnr 43) • Neste bolk: Soltun (Fedje gnr 169 bnr 45) |