Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70)
Ringvoll | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 169 |
Bnr: | 70 |
Adresse: | Mulevegen 157 |
Ringvoll er eit småbruk i Fedje kommune.
1. Bjarne Bårdsen f. 1912 Sulo (gnr 169 bnr 44-2 a) d. 1994 g. 1951 m. Borghild Dale f. 1916 Kårbø, Meland d. 2014 (sjå Melandb. I s 164). Ho var søster til Ingeborg Stuberg (gnr 168 bnr 19-22), sjå der. Skøyte på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1953. Huset vart bygd i 1954. Bjarne var fiskar, medeigar i M/S «Wiken», og sjømann. Borghild arb. på Bjelland i 10 år.
Born: a. Berit Oddlaug Bårdsen f. 1952, radiograf, bustad Bergen, var g.m. Einar Skreien f. 1949 Arna, Bergen, busett der. Deira son Øyvind Bårdsen Skreien f. 1973, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 33-3. b. Magnus Ingvard Bårdsen f. 1954, neste eigar (2).
Borghild g.1.g. 1940 m. Rasmus Kornelius Dale f. 1907 Øygarden d. 1940, budde der. Som enkje flytta ho til Bergen og arb. som sydame.
Barn: c. Kari Beathe Dale f. 1941, vernepleiar, g. 1961 m. Leif Reidar Reiestad f. 1939 Hå på Jæren, lærar, bustad Klepp.
2. Magnus Bårdsen f. 1954 på dette bruket (lb), fiskar og seinare losbåtførar, g. 1998 m. Anne Marit Sævig f. 1953 Bergen. Han fekk skøyte her i 1995. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 33-2.
Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Hauge (Fedje gnr 169 bnr 69) • Neste bolk: Fagnadstøl (Fedje gnr 169 bnr 72) |