Fjellheim (Fedje gnr 170 bnr 29)

Fjellheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Fjellheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 29
Adresse: Husøyna 18

1. Albert Stokholm f. 1946 (gnr 170 bnr 1-18a) d. 2017, fiskar, g. 1967 m. Astrid Margrethe Jøråsen f. 1947 Sør-Fron, Oppland. Skøyte 1973 på tomt frådelt Skotholmen gnr 170 bnr 1 same året. Dei bygde hus her i 1976. Dei flytta sidan til Sør-Fron.

Born: a. Oddny Kristin Stokholm f. 1969, neste eigar (2). b. Helge Andreas Stokholm f. 1979, taxisjåfør, samb.m. Gro-Anita Krognes f. 1971 Halden, bustad Bergen, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune.

2. Oddny Stokholm f. 1969 på dette bruket (1a), arkivar, bustad Oslo, så Lørenskog, fekk skøyte i 2020 og flytta hit.


Fedje komm.svg Fjellheim (Fedje gnr 170 bnr 29) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordheim (Fedje gnr 170 bnr 28) • Neste bolk: Austbø (Fedje gnr 170 bnr 36)