Forside:Møre og Romsdal/Om forsida
Møre og Romsdal fylke, tidlegare (1918–1935) Møre fylke, er vidareføringa av Romsdals amt og femnar om dei tre gamle landskapa og futedømma Sunnmøre, som låg under Bergens stiftsamt, og Romsdal og Nordmøre, som begge låg under Trondhjems stiftsamt. Administrativt sett soknar fylket til Midt-Noreg i samband med rettsvesen, helsevesen, skatt, sosialtenester (Nav) med meire.
Fylket har 38 kommunar. Det grensar i aust til Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke og i sørvest til Vestland fylke. Molde (fylkeshovudstad), Ålesund og Kristiansund er nokre av dei største byane.