Furnes (Sunnylven)
Furnes er ein gard i Sunnylvsfjorden i Stranda kommune. Garden ligg ca. 8 km nord for tettstaden Hellesylt, høgt oppe på ein hylle ca. 450 m.o.h på austsida av Sunnylvsfjorden. Garden grensar i nord mot Oaldsbygda og i sør mot matrikkelgarden Lundanes. Garden blei i 1868 råka av eit snøras som tok husa og drepte to menneske.
Furnes | |
---|---|
Garden Furnes sett frå Timbjørgheiane på motsett side av fjorden | |
Fyrst nemnd: | 1604 |
Stad: | Sunnylvsfjorden |
Sokn: | Sunnylven |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Stranda |
Gnr.: | 103 |
Postnummer: | 6218 |
Eigarar og brukarar
Garden var opprinneleg krongods. Ludvik Munthe blei eigar av garden som betaling for lån til Kongen i 1649. Rasmus Pederson Furnes (f. 1798) kjøpte garden i 1819. Garden har alltid vore einbølt (eitt bruk). Etter den gamle skylda var 2 mellag (1631), eller 1 pund 12 merk fisk (1819). Matrikkelskylda var 1,02 skyldmark (1886).
- 1603. Guttorm Arnesson g.m. Karen Olsdotter
- 1631. Knut Guttormsen fekk bygsel.
- 1640. Syver Pedersen fekk bygsel på 1 mellag
- 1694. Jon Knutsson Årset f. 1664 d. 1740 brukte 1/2 våg fisk. I 1711 (Skoskatten) hadde han fire barn, ein son og tre jenter. [1]
- g m Gullov Larsdotter
- Barn:
- Knut Jonsson flytte til Gomsdal og blei brukar i Gomsdal.
- Lars Jonsson blei brukar på Eliasbruket på Helset. Lars Jonsson Helset døydde barnlaus i 1773 og skiftet gjev detaljerte opplysningar om arvingane som levde då. [2]
- Anne Jonsdotter g m Nils Kirkeide, Stryn
- Ingeborg Jonsdotter g m (ukjent) budde på Giskehaug i Stranda.
- Solveig Jonsdotter f. ca. 1700.
- 1716 Peder Ingebrigtsson Møll d.y byglsa halve bruket. Han var gift med Ingeborg Jonsdotter Furnes.
- 1719 Peder Andersson fekk bygsel var gift med enkja etter førre brukar. Peder og Ingeborg flytte først til Isflå i Sunnylven, seinare Duken Stranda og tilslutt Giskehaug i Stranda
- 1721 Bygsel til Knut Arnesson Seljeflot. Jon Knutsson Furnes fekk kår og døydde i 1740.
- 1747 Anders Arnesson Seljeflot fekk bygsel på 2 mellag.
- 1764 Peder Pedersson Syltevikli blei brukar dette året
- 1797 Sonen Peder Pedersson Furnes f. 1767 fekk bygsel på 1 pund 12 merk fisk frå Nils Ingebrigtsson Øvre-Ljøen.
- 1819 Sonen Rasmus Pedersson
- g m Guro Hansdotter Stokke
- 1839 Knut Amundsson Lillebø
- 1842 Gunnar Rasmusson son til Rasmus Pedersson og Guro Hansdotter
- 1868 Rasmus og Guro døydde i snøfonna dette året
- 1875 Elias Jacobson Øvstegård var brukar. [3] Flytte frå garden kring 1881
- 1881 Lars Petter Olsson Matvik f. 1849. Lars Petter selde garden i 1888.
- 1888 Garden blei fråflytt.
Husmannsplasser
Husmannsplassen Furnesvika 62.1351014° N 6.9826946° Ø låg nede ved fjorden og var busett i 1891. [4] Iver Andreas Olsson f. 1866 Åsneset og Regina Olsdotter Matvik budde på plassen i 1891.
Galleri
Kjelder og litteratur
Fotnotar
- ↑ RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, R54/L3564: Fogderegnskap Sunnmøre, 1711, s. 306
- ↑ [SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 3A/3/L0024: Skifteprotokoll 16B, 1770-1773, s. 640b-641a]
- ↑ *Furenæs i folketelling 1875 for Sunnylven prestegjeld fra Digitalarkivet
- ↑ Funesvigen i folketelling 1891 for Sunnylven herred fra Digitalarkivet
Kjelder
- Furrenes i folketelling 1801 for Norddal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Furnæs i folketelling 1865 for Sunnylven prestegjeld fra Digitalarkivet
- Furenæs i folketelling 1875 for Sunnylven prestegjeld fra Digitalarkivet
- Funesvigen i folketelling 1891 for Sunnylven herred fra Digitalarkivet Husmannsplass
Litteratur
- Lillebø, P.A. (1972,1993) : Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Stadheim, Fredrik (2019): Furneset